Stor interesse for 21. konsesjonsrunde

04.11.2010
Då søknadsfristen for 21. konsesjonsrunde for norsk sokkel gjekk ut 3. november, hadde 37 selskap levert søknadar.

Leitedirektør Sissel Eriksen i Oljedirektoratet er svært godt nøgd med at selskapa framleis vurderer Norskehavet og Barentshavet som interessante leiteområde.

- Pågangen frå selskapa viser at nye leiteområde på norsk sokkel er konkurransedyktige også i eit internasjonalt perspektiv, seier Eriksen.

Utlyst areal er noko større enn i 20. konsesjonsrunde.


Desse 37 selskapa har søkt om utvinningsløyve, enkeltvis eller i grupper:

  • A/S Norske Shell
  • Bayerngas Norge AS
  • BG Norge AS
  • Bridge Energy Norge AS
  • Centrica Resources (Norge) AS
  • Chevron Norge AS
  • Concedo ASA
  • ConocoPhillips Scandinavia AS
  • Dana Petroleum Norway AS
  • Det norske oljeselskap ASA
  • DONG E&P Norge AS
  • E.ON Ruhrgas Norge AS
  • Edison International Spa
  • Eni Norge AS
  • ExxonMobil Exploration & Production Norway AS
  • Faroe Petroleum Norge AS
  • Front Exploration AS
  • GDF SUEZ E&P Norge AS
  • Idemitsu Petroleum Norge AS
  • Lotos Exploration and Production Norge AS
  • Lundin Norway AS
  • Maersk Oil Norway AS
  • Marathon Petroleum Norge AS
  • Nexen Exploration Norge AS
  • Norwegian Energy Company AS
  • North Energy ASA
  • OMV (Norge) AS
  • Petro-Canada Norge AS
  • PGNiG Norway AS
  • Repsol Exploration Norge AS
  • Rocksource ASA
  • RWE Dea Norge AS
  • Sagex Petroleum Norge AS
  • Spring Energy Norway AS
  • Statoil Petroleum AS
  • VNG Norge AS
  • Wintershall Norge ASA


- No startar arbeidet med å vurdere søknadane. Oljedirektoratet søker å finne den beste strategien for utforsking av områda, og er derfor på jakt etter selskapa med den beste kunnskapen og dei beste søknadane, seier Eriksen.

- Selskap som får utvinningsløyve må ha teknisk ekspertise og god geologisk forståing. I tillegg vert det lagt vekt på finansiell styrke og erfaring.

Ved gruppesøknad ser ein på samansetjinga av gruppa, tilrådd operatør og felles kompetanse.

Til saman kunne selskapa søke om utvinningsløyve for 94 blokker eller deler av blokker. Det er knytt fiskeri- og miljøvilkår til blokkene. Oljedirektoratet har sjølv kartlagt alle dei utlyste blokkene.

Olje- og energidepartementet tek sikte på å tildele nye utvinningsløyve i 21. konsesjonsrunde våren 2011.


Søknad i tidlegare rundar

17. konsesjonsrunde: 13 selskap
18. konsesjonsrunde: 18 selskap
19. konsesjonsrunde: 24 selskap
20. konsesjonsrunde: 46 selskap


Kontaktperson i Oljedirektoratet
Eldbjørg Vaage Melberg, telefon 51 87 61 00