Tildelingar i 21. runde

15.04.2011
Olje- og energidepartementet har tildelt nye utvinningsløyve i 21. konsesjonsrunde på norsk sokkel. 29 selskap fikk tilbod om deltaking i 24 nye utvinningsløyve.

Tolv av løyva ligg i Norskehavet og tolv i Barentshavet. Fire av desse er tilleggsareal til eksisterande utvinningsløyve.

Leitedirektør Sissel Eriksen i Oljedirektoratet slår fast at dette er den mest omfattande utlysingsrunden som har vore i Barentshavet, og at den dessutan inkluderer område som ligg lengre nord enn tidligare.

”I denne tildelingsrunden går vi lengre mot nord-nordvest enn i eksisterande utvinningsløyve. Difor er dette eit viktig steg på vegen med å utforske Barentshavet,” seier ho.

Eriksen understrekar at OD er godt nøgd med runden, som er ein av dei mest omfattande nokon sinne. Interessa frå selskapa har vore stor, og det er tydeleg at aktørane framleis har tru på norsk sokkel.

Førebuingane til runden byrja 5. november 2009, då Olje- og energidepartementet inviterte oljeselskapa til å nominere blokker dei meinte burde vere med i utlysinga. Runden vart lyst ut 23. juni i fjor, med søknadsfrist 3. november.


Lenke:



Kontaktperson i Oljedirektoratet:
Eldbjørg Vaage Melberg, telefon 51876100