Nominasjonar til 22. konsesjonsrunde

23.01.2012
Olje- og energidepartementet har mottatt forslag frå 37 selskap om kva blokker dei meiner skal inkluderast i den 22. konsesjonsrunden på norsk sokkel.

Nominasjonsfristen gjekk ut 11. januar.

I førre konsesjonsrunde var 43 selskap med i nominasjonen.

228 blokker eller delar av blokker er nominert, 107 blokker vart nominert av to eller fleire selskap.

"Det er gledeleg at det er så stor interesse for denne runden," seier Sissel Eriksen, direktør for leiting i Oljedirektoratet.

Selskapa har nominert blokker over store deler av Barentshavet og Norskehavet. Der er flest nominasjonar i Barentshavet.

”Dette heng nok saman med dei nye, spennande funna som er gjort dei siste to åra, og det er interessant,” kommenterer leitedirektøren.

Oljeselskapa har kome med sitt syn på kva blokker dei vurderer som interessante. No skal myndigheitene utarbeide eit forslag om kva blokker som skal lysast ut.

Dette forslaget skal ut på offentleg høyring, der alle relevante samfunnsinteresser vert invitert for å seie si meining. Regjeringa avgjer kva blokker som skal lysast ut frå ei heilskapsvurdering.


Selskapa som har levert nominasjonar er:

  • AS Norske Shell
  • BG Norge AS
  • Centrica Norge AS
  • Concedo ASA
  • ConocoPhillips Norge AS
  • Dana Petroleum Norway AS
  • Det norske oljeselskap ASA
  • Dong E&P Norge AS
  • E.ON Ruhrgas Norge AS
  • Edison International SpA Norway Branch
  • Emergy Exploration AS
  • Eni Norge AS
  • ExxonMobil Exploration and Production Norway AS
  • Faroe Petroleum Norge AS
  • Front Eksploration AS
  • GDF SUEZ E&P Norge AS
  • Idemitsu Petroleum Norge AS
  • LOTOS Exploration & Production Norge AS
  • Lundin Norway AS
  • Maersk Oil Norway AS
  • Marathon Petroleum Norge AS
  • North Energy ASA
  • Norwegian Energy Company AS – Noreco
  • OMV (Norge) AS
  • PGNiG Norway AS
  • Repsol Exploration Norge AS
  • Rocksource ASA
  • RWE Dea Norge AS
  • Skagen44 AS
  • Spring Energy Norway AS
  • Statoil Petroleum AS
  • Suncor Energy Norge AS
  • Talisman Energy Norge A/S
  • Total E&P Norge AS
  • Valiant Petroleum Norge AS
  • VNG Norge AS
  • Wintershall Norge ASA

Selskapa vart inviterte til å nominere blokker 2. november 2011. I samsvar med praksisen dei siste rundane vart selskapa oppmoda til å avgrense talet nominerte blokker til dei 15 dei finn mest interessante.

22. konsesjonsrunde skal etter planen lysast ut før sommaren. Tildeling er planlagt våren 2013.


Pressekontakt:
Eldbjørg Vaage Melberg, tlf. 51 87 61 00


Kontaktperson i OD: