Tilbod om andelar i 22. konsesjonsrunde

12.06.2013
Olje- og energidepartementet har sendt ut tilbud om nye utvinningsløyve i 22. konsesjonsrunde på norsk sokkel. 29 selskap fikk tilbod om deltaking i 24 nye utvinningsløyve.

Fire av løyva ligg i Norskehavet og tjue i Barentshavet.

Utlysningsrunden er den desidert mest omfattande som har vore i Barentshavet.

"Det er tydeleg at mange ønskjer å leite i Barentshavet, for interessa frå industrien har vore høg. Mange selskap får også tilbod om andelar, seier Sissel Eriksen, som er direktør for leiting i Oljedirektoratet.

Ho påpeiker at det er viktig med mangfald, nye idear og nytenking når Barentshavet skal utforskast vidare:

"Selskapa får tilbod om andelar i så å seie alle delar av Barentshavet som er opna for petroleumsverksemd, og fleire ulike leitemodellar skal testast. Dette blir spennande!

Førebuingane til runden byrja 2. november 2011, då Olje- og energidepartementet inviterte oljeselskapa til å nominere blokker dei meinte burde vere med i utlysinga. Runden vart lyst ut 26. juni i fjor, med søknadsfrist 4. desember.

Oljedirektoratets faktasider vil bli oppdatert etter endelig vedtak i statsråd.


Kontaktperson i Oljedirektoratet:
Eldbjørg Vaage Melberg, telefon 51876100