Mange selskap vil leite i modne område

16.09.2010
Ei førebels oppteljing syner at 41 selskap har søkt om areal i Tildelingar i førehandsdefinerte område 2010 (TFO 2010).

Resultatet viser at interessa for tildelingar i førehandsdefinerte område i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet framleis er stor, sjølv om mykje av arealet har vore tildelt og utforska tidlegare.

Myndigheitene har motteke om lag 30 prosent fleire søknadar i TFO 2010 samanlikna med i fjor.

”Modne område på norsk sokkel er interessante, særlig for dei mindre oljeselskapa,” seier Sissel Eriksen, direktør i Oljedirektoratet med ansvar for leiting.

”Nærleik til eksisterande innretningar gjer at utbygging av små funn både går raskare og er meir lønsamt enn utbygging i meir umodne område av sokkelen. Høg oljepris dei siste åra bidrar òg sterkt til eit høgt aktivitetsnivå innafor leiting.”

Dei fleste av selskapa som søkte i TFO 2009 har sendt søknad også dette året.

TFO 2010 vart annonsert 19. februar 2010:
Tildeling i førehandsdefinerte område 2010 (TFO 2010) utlysning
Ved søknadsfristen 15. september var det muleg å søke på totalt 81.500 km2, fordelt på 302 blokker. Dette er ein stor auke i forhold til TFO 2009. Årsaka er at dei førehandsdefinerte områda i Barentshavet og Norskehavet er utvida med meir enn 22.600 km2 i totalt 63 blokker eller deler av blokker samanlikna med området i TFO 2009.

I tillegg er det tilbakelevert mykje areal innafor TFO-området det siste året, dette er inkludert i arealet som selskapa kunne søke på.

I TFO 2009 mottok myndigheitene søknadar frå 44 selskap til eit areal på 55.319 km2. Av dette blei 8.256 km2 tildelt tidleg i 2010.

TFO-ordninga bidreg til at modne område på norsk sokkel vert utforska betre og raskare. Fleire nye aktørar med nye idear og nye leitemål har gitt fleire nye funn i modne delar av norsk sokkel. Ordninga gjer at industrien er sikra jamn tilgang på prospektivt areal, og at areal vert levert raskare attende og gjort tilgjengeleg for nye aktørar.  

Tildeling skjer ved årsskiftet 2010/2011.

Les pressemelding fra Olje- og energidepartementet her.


Kontaktpersonar i OD:

Astri Fritsen, tlf. 51 87 64 74
Bernt Egeland, tlf. 51 87 61 85