Stor interesse for modne område etter spennande funn

14.09.2011
Ei førebels oppteljing syner at 43 selskap har søkt om areal i Tildelingar i førehandsdefinerte område 2011 (TFO 2011).

Resultatet viser at interessa for tildelingar i førehandsdefinerte område i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet framleis er stor, sjølv om mykje av arealet har vore tildelt og utforska fleire gongar tidlegare.

”TFO er viktig for å realisere verdipotensialet på sokkelen. Det er gjort store funn i modne område dei siste åra, til dømes på Utsirahøgda i den midtre delen av Nordsjøen. Vi ser no at det er aukande interesse for norsk sokkel i denne runden,” seier assisterande oljedirektør Johannes Kjøde.

Nærleik til eksisterande innretningar gjer at utbygging av små funn både gir god lønsemd og går raskare enn utbygging i meir umodne område av sokkelen. Oljeprisnivået dei siste åra bidrar òg sterkt til høg aktivitet innafor leiting.


TFO 2011 vart annonsert 11. mars 2011:
Tildeling i førehandsdefinerte område 2011 utlysing >>

Ved søknadsfristen 14. september var det muleg å søke på totalt 108 430 kvadratkilometer, fordelt på 377 blokker. Dette er ein stor auke i forhold til TFO 2010. Årsaka er at dei førehandsdefinerte områda i Norskehavet er utvida med meir enn 20 900 kvadratkilometer i totalt 62 blokker eller deler av blokker samanlikna med området i TFO 2010.

I tillegg er det tilbakelevert mykje areal innafor TFO-området det siste året, dette er inkludert i arealet som selskapa kunne søke på.

I TFO 2010 mottok myndigheitene søknadar frå 41 selskap til eit areal på 84 854 kvadratkilometer. Av dette blei 14 721 kvadratkilometer tildelt tidleg i 2011.

TFO-ordninga bidreg til at modne område på norsk sokkel vert utforska betre og raskare. Nye aktørar med nye idear og leitemål har gitt fleire nye funn i modne delar av norsk sokkel. Ordninga gjer at industrien er sikra jamn tilgang på prospektivt areal, og at areal vert levert raskare attende og gjort tilgjengeleg for nye aktørar.  

Tildeling i TFO 2011 vil sannsynlegvis kome på nyåret 2012.

  • Les pressemelding frå Olje- og energidepartementet her.


Kontaktpersonar i OD:

Janka Rom, tlf. 51 87 67 75
Bernt Egeland, tlf. 51 87 61 85

 


Relevant

Konsesjonstildelingar på norsk sokkel