Rekordstor interesse for modne område

07.09.2012
Myndigheitene har i dag motteke alle søknadane til Tildelingar i førehandsdefinerte område 2012 (TFO 2012), og ei førebels oppteljing syner at 47 selskap har søkt om areal.

Resultatet viser at det framleis er stor interesse for tildelingar i nye og tidlegare tildelt og utforska areal i førehandsdefinerte område i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. Det er like mange søkarar som i rekordåret 2008, og det er fire nye selskap blant søkarane i år. 

”TFO-ordninga bidreg til god ressursutnytting, og interessa blant oljeselskapa er stor. Vi ser at det er rift om areal som har vore tildelt fleire gonger tidlegare,” seier Sissel Eriksen, direktør i Oljedirektoratet med ansvar for leiting.

Nærleik til eksisterande innretningar gjer at utbygging av små funn både går raskare og er meir lønsamt enn utbygging i meir umodne område av sokkelen. Høg oljepris dei siste åra bidrar òg sterkt til eit høgt aktivitetsnivå innafor leiting, noko som resulterer i viktige funn slik vi har sett dei siste åra. 

Ved søknadsfristen 6. september var det mulig å søke på totalt 107.940 km2, fordelt på 388 blokker eller deler av blokker.  Årleg vert det levert attende mykje areal innafor TFO-området, som blir inkludert i arealet som selskapa kan søkje på.

I TFO 2011 mottok myndigheitene søknadar frå 43 selskap til eit areal på 108.430 km2. Av dette blei 21,372 km2 tildelt tidleg i 2012.

TFO-ordninga bidreg til at modne område på norsk sokkel vert utforska betre og raskare. Fleire nye aktørar med nye idear og nye leitemål har gitt fleire nye funn i modne delar av norsk sokkel. Ordninga gjer at industrien er sikra jamn tilgang på prospektivt areal, og at areal vert levert raskare attende og gjort tilgjengeleg for nye aktørar.  

TFO 2012 vart annonsert 30. mars 2012: Tildeling i førehandsdefinerte områder 2012 utlysing >>

Tildeling vil sannsynlegvis kome på nyåret 2013.

Les pressemelding fra Olje- og energidepartementet her >> 


Kontaktpersonar i OD:

Janka Rom, tlf. 51 87 67 75
Even Gillebo, tlf. 51 87 64 04