Hjelmelandsprisen 2011 til OD-geolog

F-Riis
30.01.2012
Geolog Fridtjof Riis i Oljedirektoratet er tildelt Hjelmelandsprisen 2011. Han får prisen for å ha vitskapeleg påvist at Ritlandskrateret blei danna av ein meteoritt som trefte fjellområdet.

Meteoritten trefte grunnen i ein fart av 15-20 kilometer i sekundet for om lag 500 millionar år sidan. Det var på 1980-tallet at Fridtjof Riis, som var på fottur i området, reagerte på at det både låg fossil nokså djupt i terrenget i Ritlandstrukturen og mykje høgare oppå grunnfjellet utanom. Seinare kartlegging i 1999 synte at dei fossilførande laga låg i botnen av en kraterforma struktur.

Rundt ti år seinare, etter grundige undersøkingar, vart det påvist at det verkelig har skjedd eit meteorittnedslag i Hjelmeland kommune i Ryfylke.

Dette er det andre meteorittkrateret som er påvist i Norge, det andre ligg i Gardnos i Hallingdal.

I grunngjevinga for prisen heiter det at ”Fridtjof Riis har lagt ned eit enormt arbeid og personleg engasjement i dette forskingsarbeidet. Med si forsking og brennande entusiasme for Ritlandskrateret har han skapt eit marknadsføringsgrunnlag for kommunen vår som me i dag neppe anar verdien av.”

Prisvinnar Riis seier at han er svært overraska og glad over å få Hjelmelandsprisen:

”Prisen er ei oppmuntring og ei anerkjenning for det arbeidet eg og samarbeidspartnarane mine ved Universitetet i Oslo har gjort,” kommenterer han.  

Riis har hatt eit tett samarbeid med Hjelmeland kommune dei siste åra. Han har vore konsulent under oppbygginga av den kommunale utstillinga om Ritlandkrateret, og han har vore turleiar for ei rekkje grupper for å informere om krateret.

Prisen blir delt ut 9. februar.

Fridtjof Riis har skrive om Ritlandskrateret i magasinet Norsk sokkel. Artikkelen kan du lese her >>

 


Tema: Geologi