|
Definisjon: Dokumentinnsyn er tilgang til å gjera seg kjend med innhaldet i offentlege dokument.
Bakgrunn/føremål: Føremålet er å sikra handsaming av dokumentinnsyn etter offentleglova på ei korrekt måte.
Heimel: Eksterne førespurnader om dokumentinnsyn blir handsama etter reglane i offentleglova, paragraf 85 i føreskrifter til petroleumslova og paragraf 13 i forvaltningslova.
Offentlig journal
Offentlig journal blir lagt ut på OEP, ei felles publiseringsteneste for postjournalane til statlege verksemder.
Les meir her >>
Eldre journalar skal vere tilgjengelege frå hovudarkivet i OD. Ein kan kreve innsyn skriftleg eller munnleg, jf. offentleglova paragraf 28, første ledd.
Erklæring: Sakshandsamingstid: Etter offentleglova paragraf 29 første ledd annen punktum skal ein førespurnad om innsyn avgjerast utan ugrunna opphald.
Avslag: Ved avslag på krav om innsyn skal OD informere rekvirenten skriftleg om avgjerda, vise til den heimelen som er grunnlaget for avslaget og opplyse om klagefrist og klagegong, jf. offentleglova paragraf 31, første ledd.
|