Vil ut av ekkokammeret

28.06.2017
Terje Søviknes er lett euforisk. Han har akkurat vore offshore for første gong, og har bokstaveleg talt sett oljerikdomen frå lufta. Det har gjort inntrykk på den ferske statsråden frå Framstegspartiet.

| Bente Bergøy og Sverre S. Jarild (foto)

Allianser. «Mange gongar er ein i settingar der ein blir sittande i eige ekkokammer. Skal bransjen ha den framtida eg håpar, må ein byggja alliansar med andre samfunnsaktørar,» seier Terje Søviknes.

Allianser.
«Mange gongar er ein i settingar der ein blir sittande i eige ekkokammer. Skal bransjen ha den framtida eg håpar, må ein byggja alliansar med andre samfunnsaktørar,» seier Terje Søviknes.

 

Han tar imot Norsk sokkel på kontoret i Olje- og energidepartementet, kor han ifølge seg sjølv ikkje er så ofte. Han vil vere tett på, ute i felten, der det skjer.

«Eg er så utruleg imponert over denne næringa! Vi er verdsleiande på så mange område – subsea-teknologi, riggar, rein produksjon… Eg fattar ikkje at det går an å drive alt dette, plattformane – og alt som skjer langt, langt under havbotnen. Ingeniørkunst av ypparste klasse – eg blir heilt sett ut!»

Han snakkar om helikopterturen ut til Norskehavet, og om besøket på Deep Sea Stavanger. Odfjell-riggen borar for tida produksjonsbrønnar på Maria-feltet.

Produksjonen skal skje i eit intrikat samspel med naboane Kristin, Heidrun og Åsgard; brønnstraumen går til Kristin og blir behandla der, medan Heidrun leverer vatn som skal injiserast i reservoaret. Den prosesserte olja går til Åsgard for lagring og lasting på tankarar, og gassen skal i røyr til Kårstø.

«Tenk det, på riggen køyrer dei to operasjonar samtidig, det er så effektivt, full fart! Når feltet kjem i produksjon i vil ingen kunne sjå det – skipa kan segle rett over anlegget på havbotnen, seier Søviknes, som er uttalt teknologioptimist:

 

«Teknologi er nøkkelen til å nå klimamåla,
ikkje forbod og restriksjonar.»

 

 

På tur

Olje- og energiministeren byrjar å bli varm i trøya etter 100 dagar i jobben. Han har reist land og strand rundt, snakka med vanlege arbeidsfolk og bedriftsleiarar. Han har vore hjå leverandørar, teknologibedrifter, offentlege etatar og oljeselskap. Han har sett, spurt, lytta og blitt informert om kva dei held på med, utfordringar, forventningar og bekymringar.

«For å forstå situasjonen full ut, er det viktig å treffe folk og vere tett på der det skjer,» seier Søviknes, som alltid har vore opptatt av samfunnsperspektivet:

«Politikarar kan ikkje gjere alt sjølv. Som ordførar i Os jobba eg ofte for trekantssamarbeid – samarbeid mellom politikarar, næringsliv og friviljuge. Den modellen er god! Samarbeid med andre aktørar er ekstremt viktig, også i olje- og gassbransjen. Vi må ikkje bli for lukka!»

 

Ekko

Mange gongar er ein i settingar der ein blir sittande i eige ekkokammer, påpeikar statsråden. Det er trygt og godt å vere heime i kyrkjelyden, men lite framtidsretta:

«Skal bransjen ha den framtida eg håpar, må ein byggja alliansar med andre samfunnsaktørar.»

Som statsråd for Noregs største og viktigaste næring har han eit ansvar for å sjå til at verdiane kjem nasjonen til gode – også generasjonane som kjem etter oss. At næringa har fått eit dårleg omdømme, meiner han er urettvist.

«Årsaken er samanfall av eit par ting som kom ganske samtidig. Etter at oljeprisen fall i 2014, verka det som om mange i den offentlege debatten meinte at inntektene frå næringa ikkje var så viktige for Noreg lenger. Det blei mykje snakk om omstilling og det grøne skiftet.»

Så kom Paris-avtalen og den store klimadiskusjonen.

«I Noreg har det resultert i ein voldsamt polarisert debatt, anten er folk for olje og gass og utvinning av fossile energikjelder, eller så er dei for å redde kloden.»

Omdømmeproblemet er noko Søviknes tek på alvor: «Vi er avhengige av å rekruttere dei flinke hendene og dei kloke hovuda om vi skal klarer å vidareutvikle kompetansebasen vi har bygd dei siste 50 åra. Kompetansebasen er den verkelig store verdien, det er den som gjer at Noreg ligg langt framme i teknologiutviklinga og heilt i front innan olje og gass.»

 

Ungdommen

Statsråden vedgår at han blir bekymra når søknadstala til petroleumsfag stupar, for når studie- og elevplassar ikkje blir fylt opp, er det bare eit spørsmål om tid før lærekreftene forsvinn. Og det er dumt, sidan bransjen vil trenge folk i åra som kjem.

Terje Søviknes er også opptatt av dei unges haldning til næringa: «Det er supert at ungdom er engasjerte og opptekne av klima, og dei er nok meir idealistiske enn oss som er eldre. Men vi må få fram fakta, nemleg at det er muleg å få til begge deler. Vi kan nå klimamåla… og leite etter og produsere olje og gass.»

Han innser at det ikkje nyttar å nå ungdommen gjennom tradisjonelle kanalar som tv, radio og aviser: «Både politikarar og næringa må bli flinkare til å vere der ungdommane er og kommunisere med dei der.»

Søviknes har tatt eitt grep – nemleg initiativ til eit ungdomspanel. Han er i gang med å rekruttere ungdommar som skal hjelpe til med bodskap og kanalar.

Den viktigaste bodskapen han gjerne vil formidle er at om det er ein plass ein verkeleg kan gjere ein skilnad når det kjem til klima, så er det i energisektoren. Og då spesielt innan olje og gass. Teknologiske nyvinningar kan få ekstremt stor effekt.

«Vi må balansere debatten og få fram fakta!»

 

Langt fram

Han viser til konklusjonane i det internasjonale energibyrået IEA og det internasjonale fornybarbyrået IRENAs ferske rapport Perspectives for the energy transition. Investment needs for a low-carbon energy system: «Dei har utarbeidd scenarier for kva ein kan gjera med energisituasjonen i verda om ein skal lukkast med å nå klimamåla i Parisavtalen. Byråa meiner det blir viktig å investere i vindkraft, solkraft og andre fornybarkjelder, men dei fastslår og at det også i framtida blir eit stort behov for olje og gass.»

Dalande produksjon frå eksisterande felt betyr at selskapa må halde fram med å leite og få nye felt i produksjon.

«I IEA og Irenas scenario for eit samfunn med låge utslepp i 2050 legg ein til grunn at så mykje som 40 prosent av energien kjem frå fossile energibærarar. Når det er slik – kvifor skal ikkje Noreg bidra? Vi har tradisjon for å vere i front, utsleppa frå vår produksjon er blant dei lågaste i verda!»

Sjølv om utviklinga går mot meir fornybar energi, skal det framleis produserast olje og gass. Norsk gass kan erstatte kol i EU, Storbritannia har til dømes ein klar politikk om å bytte ut kol med gass for å kutte utslepp.

I slutten av april hadde Storbritannia det første døgeret utan bruk av kolkraft sidan den industrielle revolusjonen, og dei britiske styresmaktene har bestemt at det ikkje skal produserast kolkraft i landet frå 2025.

 

På farten. Det er ikkje så ofte han er på kontoret, statsråden. Han trivst best i felt.

På farten.
Det er ikkje så ofte han er på kontoret, statsråden. Han trivst best i felt.

 

 

Frå helt til skurk

Den nye olje- og energiministeren er stolt av det Noreg har fått til innan olje og gass, og han er opptatt av å få bort det han kallar «skurkestempelet » bransjen har fått.

«Vi må bli mykje flinkare til å kople verdiskapinga til det som betyr noko for folk flest - til skular, eldreomsorg, samferdsel, helse, politi, sjukehus. Oljepengane finansierer velferd. Dei som jobba med petroleum blei sett på som heltar før, nå er dei skurkar. Det er spesielt og urettferdig, meiner Søviknes.

Han opplever også at debatten i media ofte går mellom olje- og energiministeren, nokre få politikarar og miljøorganisasjonane – ikkje mellom dei politiske partia og dei folkevalde: «Då blir ordskiftet litt spesielt.»

Når Terje Søviknes blir bedd om å gje ein tilstandsrapport for norsk sokkel, gir han honnør til jobben oljeselskapa og leverandørindustrien har gjort dei siste åra: «Næringa har verkeleg tatt grep for å styrke konkurranseevna. Vi får stadig melding om at planlagde utbyggingsprosjekt er blitt billegare og at boreoperasjonar går raskare. Konkurransekrafta er styrka gjennom arbeidet med å kutte kostnadar.»

Han understrekar at det er viktig at innsparinga blir varig, og at bransjen har lært: «Når selskapa knapt tente pengar då oljeprisen var på topp, var det på høg tid å ta rev i segla!»

Solberg-regjeringa har vore tydelege på at det er viktig å gje næringa tilgang på leiteareal for å oppretthalde høg aktivitet på sokkelen. I perioden er det tildelt 241 utvinningsløyve, og forslag om blokker i 24. konsesjonsrunde har vært på høyring. Regjeringa har også lyst ut TFO 2017 med ei betydeleg utviding av TFO-området, særleg i Barentshavet.

«Det er framleis store reservar på norsk sokkel, at Oljedirektoratet har dobla ressursanslaget for Barentshavet, er spennande i eit lengre perspektiv. Det er viktig å få fram at vi har ressursar vi skal utnytte i lang tid.»

Den tredje suksessfaktoren Søviknes framhevar, er at aktørmiksen på norsk sokkel har endra seg. Statoil er framleis det tunge lokomotivet, men selskap som Lundin, Aker BP og andre mindre aktørar har kome med andre perspektiv og ny metodikk på sokkelen.

 

Nord

«Det blir ekstremt interessant å følgje leitekampanjane i Barentshavet i sommar. Mykje vil dreie seg om Barentshavet i åra som kjem, framtida er i nord. To felt er i produksjon etter 40 år med leiting – Snøhvit og Goliat. No er Alta/Gohta og Wisting på trappene, og det kjem fleire leitekampanjar. Dette er spennande!»

Søviknes legg til at resultata frå leitekampanjane i år vil ha innverknad på interessa for TFO 2017 og 24. runde. Nå er det eit tidsvindauge for å få opp aktiviteten i Barentshavet.

«Jobben Oljedirektoratet har gjort med å kartlegge ressursane er ekstremt viktig. Kanskje blir det meir kartlegging, så blir det ein diskusjon politisk om det er rett å starte ei konsekvensutgreiing og eventuelt ein opningsprosess. Eg og Framstegspartiet ynskjer å få dette til i neste stortingsperiode.»

Ifølge Søviknes er vi nærast gudbenåda med olje, gass, vatn og vind i dette landet. Vi har alltid hatt ein debatt om bruk kontra vern, og det er ingen grunn til å slutte med det: «Vi må ha den debatten og bruke kunnskapen vi har om forvaltning når vi tar stilling til om vi skal opne Barentshavet nord for petroleumsverksemd.»

Statsråden meiner det er viktig å få fakta på bordet for å få eit reelt politisk vedtak til slutt om kva område som skal opnast, kva som ikkje skal ikkje opnast og kva vilkår som skal stillast.

«Men debatten om kva vi skal gjere med Barentshavet kan bli aktuell lenge før vi hadde tenkt; dersom russarane byrjar å bore – og finn noko – må vi ta vare på norske interesser. Det skal vi få til, delelineavtalen slår fast av vi skal samarbeide om å vinne ut felt med ressursar på begge sider av grensa.»

 

Full fart

Han vil mykje, og han har det travelt. Nyleg vart han omtala som Terje «full speed ahead» Søviknes i Aftenposten – ein merkelapp han lever godt med: «Eg er ein 100 prosent- mann i alt eg gjer. Eg har fått fornya tillit som ordførar i Os fire gongar, eg antar at det har noko å gjere med at eg er engasjert og handlekraftig.»

På spørsmål om kva han har fått utretta i løpet av sine første 100 dagar som statsråd, svarar han kontant: «Regjeringa har vore offensiv på tildeling av leiteareal i TFO 2016, og vi lyser snart ut 24. runde. Elles har eg vore opptatt av å snakke opp næringa og få fram optimisme – både internt og ute blant folk flest. Vi har utruleg mykje å vere stolte av!»

Kor blei alle heltane av. Olje- og energiministeren er opptatt av å snakke næringa opp – skurkestempelet er urettvist, meiner han.

Kor blei alle heltane av.
Olje- og energiministeren er opptatt av å snakke næringa opp – skurkestempelet er urettvist, meiner han.

 

"Vi må balansere debatten
og få fram fakta!"