Å forska er å vera

04.05.2006
Det er enkelt å arbeide mykje når yrke og hobby går ut på eitt, seier den ferske IOR-prisvinnaren professor Arne Skauge.
  • Tekst: Kristin Henanger Haugen Foto: Emile Ashley

Arne Skauge

 

< Arbeidsjern fortener sin pris: Professor Arne Skauge veit også sjølv å setje pris på den æra IOR-prisen er.

 

Det er ein usedvanleg vanleg fredag på realfag- bygget ved Universitet i Bergen. Me leitar etter professoren, direktøren, førelesaren, kollegaen. Grøne dører så langt auget kan sjå. Ingen direktørfløy. Arne Skauge kler korridorane godt.

Det er ikkje mogleg å finne skilnad på direktøren og andre tilsette me har truffe på vår veg gjennom bygget. Ikkje ved første blikk. Men det tek ikkje lang tid før me skjønar kvifor arbeidsinnsatsen til Skauge fortener sin pris. Kunnskapen, engasjementet, uthaldenheita. Andre har skifta kurs, vore innom, reist vidare. Skauge har halde stødig kurs på IOR-skuta si gjennom alle år. Vore løysingsorientert og seig. Han skryt av at tidlegare arbeidsgjevar Norsk Hydro alltid gav han lov til å halde på med det han brann for. Han er beskjeden; arbeidsgjevarar gjer ikkje slikt med kven som helst.

Arne Skauge er leiar for Centre for Integrated Petroleum Research (CIPR) ved Universitetet i Bergen. Det er sannsynlegvis fleire doktor-gradsstudentar innanfor IOR ved CIPR i Bergen enn i heile USA.

Stor arbeidskapasitet er vel berre føreordet på denne mannen. Som aldri har hatt ein plan på kvar han skulle gå i utdanning- eller jobbsamanheng. Som søkte arbeid i Hydro etter at ein kamerat oppmoda han om det. Skauge vart tilsett, kameraten kom etter seinare. Hydro skulle etablera eit forsk-ningssenter tidleg på 80-talet. Skauge fekk ansvaret for auka utvinning.

Interessefelt: petroleumsteknologi/reservoartek-nikk, skigåing på Kvamsskogen, auka utvinning, orienteringsløp, reservoarmonitorering, familien, fleirfasestrøyming i porøst medium, konsertar med Tom Waits, reservoarmodellering.

Gjennom dei siste 20 åra har Skauge vore i forsk-ningsfronten når det gjeld å forstå og modellere dei grunnleggjande mekanismene som gir auka utvinning. Han har arbeidd med eit stort spekter av metodar som VAG-prosessar og skumassistert VAG. VAG er i dag blitt ein etablert og vellykka IOR-metode på norsk sokkel (se faktaboks).

IOR-juryen har vektlagt at Skauge har lykkast med å bringe forsking frå laboratoria fram til pilottesting og implementering på felta. Juryen skriv om Arne Skauge at han er ein av Noregs mest markante og profilerte forskarar innanfor auka utvinning. Han har hatt ei rekkje sentrale rollar innanfor norske IOR-forskingsprogram. I ei tid med stort og stadig aukande behov for høgt kvalifisert arbeidskraft i oljeverksemda, er juryen spesielt takksame for den innsatsen han gjer for å sørgje for tilvekst av unge forskarar og av kompetente medarbeidarar innanfor IOR.

Som forskingsleiar i Hydro leia Skauge blant anna utvikling og design av den første pilottesten med kjemisk flømming i Nordsjøen, og han har forska på og utvikla ein tracertest for å analysere restolje etter gassinjeksjon. Etter mange år i industrien, er han tilbake på Universitetet i Bergen sitt realfagbygg. Her blei han spurd om å byggje opp CIPR, eit senter som i løpet av kort tid er blitt eit internasjonalt anerkjent forskingmiljø innanfor petroleumsforsking. CIPR er òg eit ”Senter for Fremragende Forsking” og huser i dag meir enn 60 forskarar, 40 doktorgradsstudentar og 50 mastergradsstudentar.

- Det er ei god blanding me har her, med menneske frå industrien og frå dei faglege utdannings- og forskingmiljøa. Me treng begge delar, og me har godt av å arbeide i lag på ein del arenaer, då blir me betre. Det viktige med tverrfagleg samarbeid er noko av det me prøver å syna studentane. Kunsten er å få dei til å behalde si faglege integritet, samstundes som dei har respekt og forståing for dei andre faga.

Er yrkesringen slutta for Skauge? Han er attende der han starta, den gongen som amanuensis, nå som direktør. Når han vandrar rundt på laboratoria og treff studentane ”sine”, ser vi engasjementet og det rause lynnet.

- Eg har nokre førelesingstimar innimellom. Det gir meg mykje å kunne undervise og dele kompetanse og erfaring med studentane her. Eg har også ein god del stipendiatar som skal følgjast opp. Det er klart det tek mykje tid, men det er jo dette eg likar å arbeide med. Berre ikkje spør kona mi om eg arbeider for mykje, seier han.

For Skauge er det heilt nødvendig å finne svara på alle spørsmåla som kjem hans veg. Nysgjerrig og tålmodig. Omgjengeleg, triveleg og sosial. Då er jobben lett å gjera, sjølv om jobben rett og slett er å auka ressursutvinninga på norsk kontinentalsokkel. Slike arbeidsjern fortener ein pris.

 

Senter for integrert petroleumsforskning (CIPR), Universitetet i Bergen

Arne Skauge trivest kanskje aller best saman med studentar ved Senter for integrert petroleumsforskning (CIPR), Universitetet i Bergen, og dei trivest med sin professor.