Styrket i troen

ressursrapp-omslag-norsk
26.06.2013
Den største endringa i petroleumsnæringa sidan 2011 er at optimismen på norsk sokkel er større enn på lenge. Det går fram av Oljedirektoratets nye ressursrapport.

Oljedirektoratet gir ut ressursrapport annakvart år.

«Etter at myndigheitene justerte leitepolitikken og mellom anna opna opp for nye aktørar for rundt ti år sidan, er talet aktørar på norsk sokkel nesten fordobla. Dette har medverka til høg leiteaktivitet, og det er gjort mange funn,» seier Sissel Eriksen, direktør for leiting i Oljedirektoratet.

I denne ressursrapporten presenterer Oljedirektoratet analysar som viser at dei mellomstore selskapa styrker si stilling på norsk sokkel. Det ser ut til at desse selskapa held på å overta posisjonen dei integrerte internasjonale oljeselskapa har hatt på sokkelen sidan starten for snart 50 år sidan.

Dei store funna dei siste åra har ikkje redusert anslaga over dei uoppdaga ressursane – tvert imot, meiner Eriksen:» Den viktigaste årsaken er at ny kunnskap gir større tru på mulegheitene til å finne meir. Framleis er det mykje olje og gass å finne i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.»

For to år sidan vart norsk sokkel større, då Noreg og Russland underteikna den endelege delelinjeavtalen i Barentshavet. Oljedirektoratet har kartlagt den søraustlege delen av Barentshavet. Dette området kan bli tilgjengeleg for industrien alt i år, dersom Stortinget vedtek det.

Oljedirektoratet kartlegg og dei norske havområda utanfor Jan Mayen. Dette arbeidet skal vere ferdig neste år. Kartlegginga vil gi meir kunnskap om mulege petroleumsressursar og geologien i dei djupe havområda vest i Norskehavet.