Klima på kur

16.11.2009
Bente Jarandsen er med i etatsgruppa Klimakur 2020, som skal føreslå verkemiddel og tiltak for å nå myndigheitenes mål om radikale kutt i norske klimautslepp.
  • Bente Bergøy Miljeteig / Arne Bjørøen (foto)

Foto: Arne Bjørøen


Vår jobb er å levere eit faktagrunnlag til fleire mulige tiltak for å kutte ned på utsleppa av klimagassar,” seier Bente Jarandsen, sjefingeniør i Oljedirektoratet.

Ho vil ikkje vil meine noko som helst om kva som er rett eller smart i den samanhengen: ”Vi lagar ein meny som politikarane kan ”shoppe” frå, utan å legge føringar.”

Innan 2020 skal dei norske klimautsleppa reduserast med 15 til 17 millionar tonn CO2-ekvivalentar, og det er eit ambisiøst mål, ifølge Jarandsen. Talet tilsvarer det årlege utsleppet frå meir enn seks millionar bilar.”

Utreiinga frå etatsgruppa Klimakur 2020 skal danne grunnlag for regjeringa si vurdering av klimapolitikken. Denne vurderinga skal etter planen leggjast fram for Stortinget i 2010.

Miljøverndepartementet ga Statens forureiningstilsyn (SFT) oppdraget med å leie Klimakur 2020. I tillegg til SFT og OD deltar Statistisk sentralbyrå, Statens vegvesen og Noregs vassdrags- og energidirektorat. Andre aktørar og fagmiljø vert dratt inn i arbeidet når det er nødvendig. Etatane har utarbeidd sektorrapportar, og desse skal no spissast og samanfattast til ein sluttrapport.

”Vi er inne i den mest krevjande fasen no. I gruppa diskuterer vi tiltak og verkemiddel, og alle etatane skal stå samla bak rapporten,” seier Jarandsen.

Ho fortel om travle tider med stor møteaktivitet, både hjå SFT i Oslo, på telefon og ”på huset”. I OD er åtte-ti personar engasjerte i arbeidet med klimakuren. Oljedirektoratet har eit særleg ansvar for å finne ut kva tiltak som kan setjast i verk innan petroleumssektoren, kva konsekvensar dei vil ha og kor mykje dei vil koste. Arbeidet er konsentrert om tiltak for å redusere utslepp av karbondioksid (CO2).

Petroleumsverksemda står for meir enn 30 prosent av Noreg sitt totale utslepp av CO2- ekvivalentar, men det er ikkje nødvendigvis mest samfunnsøkonomisk bare å kutte utslepp frå denne sektoren.

Bente Jarandsen

KREVENDE.
Bente Jarandsen vil ha fram fakta og belyse positive og negative konsekvenser.
(Foto: Emile Ashley)



Prislappen

”Det er innan olje og gass at det vil koste mest. Dessutan er det ei utfordring at mange av felta på norsk sokkel har vore i produksjon lenge. Å produsere olje og gass frå modne felt er energikrevjande, og det betyr meir utslepp av klimagassar.”

I arbeidet med Klimakur 2020 skal Oljedirektoratet også sjå på tiltak og kostnader for karbonfangst og –lagring, samt transport av CO2 frå mellom anna anlegga på Kårstø i Rogaland, Mongstad i Hordaland og Melkøya i Finnmark.

Andre tiltak OD utreier er samkjøring av kraftforsyninga mellom fleire olje- og gassfelt slik at dei kan spare straum og dermed redusere utsleppa av CO2. Bruk av vindmøller til å forsyne felta med kraft og straumforsyning frå land blir også vurdert.

”For Oljedirektoratet er det viktig å få fram fakta og belyse positive og negative konsekvensar av verkemidla,” seier Jarandsen. Ho er utdanna innan biologi og kjemi frå Universitetet i Oslo og har jobba med klima- og miljøspørsmål i heile yrkeskarrieren.

”Men det er heilt tilfeldig at det vart sånn. Eg studerte også ved Norges idrettshøgskole i eitt år,” fortel Jarandsen, som framleis er ”sportsleg orientert”. Ho syklar, går på ski og likar seg ute.

Første arbeidsgjevar var Norsk Hydro i Telemark. Der testa ho Grenlandsfjorden for dioksin – og tok blodprøver av magnesiumarbeidarane for å finne ut kor høgt nivå av kreftframkallande hexaklorbenzen dei hadde i kroppen.

Etter 10 år i Hydro fekk ho jobb i Oljeindustriens landsforening (OLF), der ho også var tilsett i 10 år. Sidan 2007 har ho arbeidd for Oljedirektoratet.

 

Fakta, ikkje kjensler

”Her trivst eg godt. Eg liker å arbeide med fakta i ein flat og tverrfagleg organisasjon. Det er utruleg lærerikt,” seier Jarandsen, som er opptatt av at det er fakta, og ikkje kjensler, som skal ligge til grunn når den politiske kursen skal stakast ut.

”Dette er eit fag, ein treng slett ikkje vere idealist for å halde på med miljø. Eg er det iallfall ikkje!” seier Jarandsen, som etter avslutta klimakur skal i gong med endå eit krevjande prosjekt for Oljedirektoratet - nemleg oppdateringa av forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten.

 

”Vi er inne i den mest krevjande fasen no. I gruppa diskuterer vi tiltak og verkemiddel, og alle etatane skal stå samla bak rapporten.”


 

Sluttrapporten frå Klimakur 2020 skal dekke tre punkt

  • Vurdere forventa kvotepris i 2012, 2015 og 2020
  • Gjennomgå internasjonale mål og verkemiddel i norsk klimapolitikk. Særleg skal ein vurdere utviklinga i Europa, og sjå på kva følgjer den kan ha for norske verkemiddel.
  • Vurdere behovet for nye eller endra verkemiddel i norsk klimapolitikk. Særleg skal det leggast vekt på verkemiddel som bidrar til å oppfylle målet om å redusere dei årlege utsleppa med 15 til 17 millionar tonn innan 2020. Samstundes ynskjer ein å finne verkemiddel som er styringseffektive og kostnadseffektive på lengre sikt.

    (Kjelde:
    www.klimakur2020.no)

Tema: Miljø