Statlige etater i petroleumsnæringen

15.12.2010
Illustrasjon: Øystein Nag

Illustrasjon: Øystein Nag

 

Gassled

Gassled er den formelle eigaren av infrastrukturen knytt til gasstransporten frå norsk sokkel. Gassled er eit interessentskap som er eigd av oljeog gasselskapa på norsk sokkel. Gassled har ingen tilsette, interessentskapet er organisert gjennom ulike komitear med spesifikke oppgåver.

 

Gassco AS

Gassco AS er eit statleg selskap som har ansvaret for transport av gass frå den norske kontinentalsokkelen. Selskapet er operatør for Gassled. Gassco har ikkje eigardelar i Gassled, men varetek operatørskapet på ein nøytral og effektiv måte i forhold til eigarane og brukarane.

 

Gassnova

Gassnova SF har som føremål å forvalte Staten sine interesser knytt til handsaming av CO2. Frå 1. januar 2008 er Gassnova Staten sitt utøvande selskap ved utbygging og drift av anlegg og infrastruktur for planlagde fangst- og lagringsløysingar for CO2 på Kårstø og Mongstad.

 

Petoro AS

Petoro AS er eit statleg selskap som tek hand om Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) på vegne av staten.

 

Olje- og energidepartementet (OED)

Olje- og energidepartementet har det overordna ansvaret for forvaltninga av petroleumsressursane på den norske kontinentalsokkelen. Departementet skal sjå til at petroleumsverksemda blir driven etter dei retningslinjene Stortinget og regjeringa dreg opp. Departementet har i tillegg eit særskilt ansvar for å følgje opp dei statlege selskapa Petoro AS og Gassco AS, og det oljeselskapet som staten eig delar av, Statoil ASA.

 

Oljedirektoratet (OD)

Oljedirektoratet er administrativt underlagt Olje- og energidepartementet. Oljedirektoratet har ei sentral rolle innanfor petroleumsforvaltinga, og er eit viktig rådgivande organ for Olje- og energidepartementet. Oljedirektoratet utøver forvaltingsmyndigheit i samband med undersøkingar etter og utvinning av petroleumsførekomstar på den norske kontinentalsokkelen. Det omfattar óg myndigheit til å fastsette forskrifter og fatte vedtak etter regelverket for petroleumsverksemda.

 

Petroleumstilsynet (Ptil)

Petroleumstilsynet har myndigheitsansvaret for teknisk og operasjonell tryggleik, mellom anna beredskap og arbeidsmiljø. Myndigheitsansvaret dekker alle fasar av verksemda – som ved planlegging, prosjektering, bygging, bruk og ved eventuelt seinare fjerning. Tryggleik er eit ord som i Petroleumstilsynet sin terminologi famnar vidt. Omgrepet omfattar ta av tre kategoriar verdiar: Tryggleik for menneske sine liv, helse og velferd, det ytre miljøet og økonomiske investeringar og driftsregularitet.

 

Statoil ASA

Statoil ASA er eit internasjonalt selskap som er til stades i 41 land. Selskapet er børsnotert i Oslo og New York. Staten eig per 31. desember 2009 67 prosent av aksjane i selskapet.