Veiledning til SMIL

SMIL-portalen blei lansert 9. juni 2015 og blir nå nytta av alle operatørselskapa for søknader om utsette fristar i arbeidsprogrammet.  Ny og utvida versjon av SMIL blei lansert 15. september 2017.  SMIL skal nå også nyttast til meldinger («Notifications») frå operatør til OED/OD om vedtak frå rettighetshaverene om å gjennomføre neste del av arbeidsprogrammet eller oppgi utvinningsløyvet.

Merk at SMIL inntil vidare berre omfattar utvinningsløyve i initiell periode, ikkje løyver som er i forlenga periode.


Tilgang til SMIL via L2S

SMIL-portalen er lenka via License2Share (L2S). Det er bare operatør som har tilgang til SMIL. Operatørens L2S superbruker kan legge nye SMIL-brukarar inn i ei eiga SMIL-gruppe som er oppretta for føremålet. Kvart operatørselskap vil ha si eiga SMIL-gruppe i JV Authorities. Når ein er logga inn på L2S, vil SMIL-brukarar, dvs «L2S JV coordinator»/«L2S JV coordinator deputy» og andre med SMIL-tilgang, sjå SMIL-knappen nedst i venstre kolonne.

I SMIL har operatør tilgang til å sende inn søknader og meldinger på vegne av dei utvinningsløyva selskapet er operatør for. Alle søknader og meldinger selskapet har kladda og/eller sendt inn gjennom SMIL vil være synlege i lista, så lenge operatøren er uendra.


SMIL

Utfylling

Start med å velja Søknad «Application form» eller Melding («Notification form»). Velg deretter utvinningsløyve frå nedtrekklista. Denne viser dei løyva selskapet er operatør for i initiell periode. Når ein har valt utvinningsløyve, vil fakta om løyvet automatisk bli lasta inn frå ODs Faktasider. Fyll deretter inn dei ulike felta, med nedtrekklister og fritekst.
Vedlegg kan lastas opp til søknaden. Før innsending kan ein velja å få laga eit pdf-dokument, dvs ein kladd av søknaden/meldinga, for deling internt i selskapet, eller for deling med partnarane, f eks ved å legge ut på L2S.
Når søknaden eller meldinga er klar, trykk på «submit»-knappen og den blir sendt til Olje- og energidepartementet (OED), med kopi til OD.

 

Kvittering på innsending

Når søknaden eller meldinga er sendt, vil kvittering bli sendt i e-post til oppgitt kontaktperson hos operatøren. Om OD finn at søknaden/meldinga er mangelfull, vil han bli returnert via SMIL, med e-postvarsel og forklaring til kontaktpersonen.

 

Myndigheitsprosess

Status for behandlinga (Draft, Returned, At NPD, At MPE, Completed) vil alltid vere synleg i operatøren si liste over søknader/meldinger i SMIL.

 

Svar på søknad eller melding

Søknader: Når OED har motteke OD si vurdering og anbefaling på ein søknad om utsette fristar i arbeidsprogrammet, vil OED svare ved å sende vedtaksbrev til selskapet med kopi til OD. Vedtaket, med eventuelle nye tidsfristar for utvinningsløyvet, blir registrert i SMIL, og ODs faktasider blir oppdaterte.

Meldinger: For meldinger om at rettshavarene har vedteke å ikkje gå vidare med arbeidsprogrammet, vil OED sende vedtaksbrev til operatør som stadfester at utvinningsløyvet er falt bort. Om derimot rettshavarane har vedteke å gå vidare med utvinningsløyvet, vil ikkje OED sende svarbrev til operatøren. Meldinga vil bli tatt til etterretning og ODs faktasider blir oppdaterte.

Både for meldinger og søknader vil det bli sendt ut epost-varsling fra SMIL til operatørens kontaktperson i søknaden/meldinga, når vedtak fra OED er motteke i SMIL. Vedtaket kan deretter bli lest direkte i SMIL. Ved ny søknad for utvinningsløyvet vil dei nye godkjende fristane bli vist i SMIL. Ved endring av operatør, eller tilbakelevering av utvinningsløyvet, vil tidlegare operatør ikkje lenger kunne sjå dei gamle søknadene.


15.09.2017