Dette kan OD tilby deg

Løn

Oljedirektoratet har konkurransedyktige lønsvilkår.

Arbeidstid og fleksitid

Oljedirektoratet har 37,5 timar arbeidsveke og fleksibel arbeidstid. Kjernetida er frå klokka 09.00 til klokka 14.30. Den ytre arbeidstida er frå klokka 06.00 til klokka 20.00, den einskilde kan variere arbeidstida frå dag til dag.

Den ordinære arbeidsdagen er frå klokka 08.00 til klokka 15.45 frå 15. september til 14. mai. I sommarhalvåret arbeider ein til klokka 15.00.

Heimekontor

Det er mogleg å avtale heimearbeid inntil ein dag i veka dersom arbeidsoppgåvene kan gjennomførast på ein kvalitativ og god måte.

Pensjonsordning

Tilsette i Oljedirektoratet har gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens Pensjonskasse.

Kompetanse

Oljedirektoratet er ei kompetanseverksemd, og alle tilsette har ein individuell fagleg utviklingsplan.

Bedriftshytter

Oljedirektoratet har to bedriftshytter, ei i Sirdal og ei på Sørskår i Strand kommune. I tillegg har vi ei leilegheit i Barcelona.

Helseteneste

Oljedirektoratet har ei særs god bedriftshelseteneste, mellom anna er det bedriftslege på huset.

Kontor

Oljedirektoratet har nye, fine lokale på Ullandhaug i Stavanger og i sentrum av Harstad. Vi har både kontorfellesskap og enkeltkontor.

Trening

Tilsette i Oljedirektoratet kan trene i inntil ein time i veka i arbeidstida. OD har eit velutstyrt treningsrom i Stavanger. Bedriftsidrettslaget har eit variert trimtilbod.


17.10.2018