Go to the NPD's home page The NPD's Fact-pages
Go to the Fact-pages home page Comments, questions and feedback to the NPD

Generated 11.02.2012


Shutdown of NPDs FactPages version 1 has be postphoned to March 2012.
Start using FactPages version 2 now! See also FactPages version 2 Quick Reference'
If you have any questions or comments please send an e-mail to FactWEB@npd.no.


Felt: ALVHEIM

Utbyggingsløysing

Alvheim er eit olje- og gassfelt som ligg i den midtre delen av Nordsjøen vest for Heimdal ved grensa til britisk sektor. Feltet omfattar dei tre funna 24/6-2 (Kamelon), 24/6-4 (Boa) og 25/4-7 (Kneler). Førekomsten 24/6-4 Boa ligg delvis i britisk sektor. Havdjupet i området er 120 – 130 meter. Feltet er bygt ut med eit produksjonsskip, «Alvheim FPSO», og havbotnbrønnar. Olja blir stabilisert og lagra på produksjonsskipet. Felta Vilje og Volund er knytte opp til produksjonsskipet.

Reservoar

Reservoaret er i sandstein i Heimdalformasjonen av paleocen alder. Sanden er avsett som djupmarine vifteavsetjingar, ligg på om lag 2 200 meters djup og har høg porøsitet og permeabilitet.

Utvinningsstrategi

Alvheim blir produsert med naturleg vassdriv frå eit stort underliggjande vassbasseng.

Status

Alvheim produserer over forventning, og ressursestimata for feltet er gradvis auka som følgje av utvinningsboring. Nye utvinningsbrønnar skal etter planen borast i Kamelon/East Kamelon. Feltet kan bli eit attraktivt knutepunkt for nye funn i området.

Valid HTML 4.01!