Go to the NPD's home page The NPD's Fact-pages
Go to the Fact-pages home page Comments, questions and feedback to the NPD

Generated 08.02.2012


Shutdown of NPDs FactPages version 1 has be postphoned to March 2012.
Start using FactPages version 2 now! See also FactPages version 2 Quick Reference'
If you have any questions or comments please send an e-mail to FactWEB@npd.no.


Felt: EKOFISK

Utbyggingsløysing

Ekofisk er eit oljefelt som ligg på 70 – 75 meters havdjup i den sørlege delen av Nordsjøen. Feltet blei produsert til tankskip fram til 1973, då ein betongtank kom på plass. Sidan har det kome til mange innretningar på feltet, inkludert stigerørinnretningar for tilknytte felt og eksportrørleidningar. Fleire av dei eldste innretningane er tekne ut av drift og ventar på disponering. Dei operative delane av Ekofisksenteret er i dag bustadinnretningane Ekofisk H og Ekofisk Q, produksjonsinnretninga Ekofisk C, bore- og produksjonsinnretninga Ekofisk X, prosessinnretninga Ekofisk J og produksjons- og prosessinnretninga Ekofisk M. Frå brønnhovudinnretninga Ekofisk A sør på feltet går produksjonen i rør til stigerørinnretninga Ekofisk FTP på Ekofisksenteret for prosessering. Rørleidningen frå Ekofisk B nord på feltet går til Ekofisk M. Ekofisk K er ei innretning for vassinjeksjon. Plan for vassinjeksjon på Ekofisk blei godkjend 20.12.1983, PUD for Ekofisk II blei godkjend 09.11.1994, og PUD for Ekofisk Vekst 06.06.2003. I juni 2008 blei ei havbotnramme for vassinjeksjonsbrønnar godkjend. Dei har erstatta vassinjeksjonsbrønnane på Ekofisk W, som no blir stengd ned. I mars 2010 blei den nye bustadinnretninga Ekofisk L, som skal erstatte Ekofisk H og Ekofisk Q, godkjend. Den skal vere i drift frå hausten 2013. Permanente kablar for innsamling av seismiske data er lagt på havbotnen over Ekofiskreservoaret.

Reservoar

Ekofiskfeltet produserer frå naturleg oppsprokne kritbergartar i Ekofisk- og Torformasjonane av tidleg paleocen og seinkrit alder. Reservoarbergarten har høg porøsitet, men låg permeabilitet. Reservoaret har ein oljekolonne på meir enn 300 meter og ligg 2 900 – 3 250 meter under havflata.

Utvinningsstrategi

Ekofisk blei opphavleg produsert med trykkavlasting som drivmekanisme og ein venta utvinningsgrad på 17 prosent. Seinare har avgrensa gassinjeksjon og omfattande vassinjeksjon gjort sitt til å auke oljeutvinninga vesentleg. Vassinjeksjon i stor skala begynte i 1987, og i ettertid har området for vassinjeksjon blitt utvida i fleire steg. Erfaringar viser at vatnet fortrengjer olja effektivt, og venta utvinningsgrad for Ekofisk er no om lag 50 prosent. I tillegg til vassinjeksjon gir kompaksjonen av dei mjuke kritbergartane ekstra driv til dreneringa av feltet. Kompaksjonen i reservoaret har også resultert i at havbotnen på Ekofiskfeltet har sokke inn, fram til i dag over ni meter sentralt på feltet. Det er venta at innsynkinga vil halde fram i mange år, men med lågare rate.

Transportløysing

Olje og gass blir ført til eksportrørleidningane via prosessanlegget på Ekofisk J. Gassen frå Ekofiskområdet blir transportert i Norpipe Gassrør til Emden, medan olja, som også inneheld NGLfraksjonane, går i Norpipe Oljerørleidning til Teesside.

Status

Produksjonen frå Ekofisk held seg på eit høgt nivå ved at ein borar nye brønnar for vassinjeksjon og produksjon frå mange innretningar på feltet. PUD for Ekofisk Sør blei send til styresmaktene i februar 2011. Prosjektet inkluderer to nye innretningar, Ekofisk Z, som er ei produksjonsinnretning, og Ekofisk VB, som er ei havbotnramme for vassinjeksjonsbrønnar.

Valid HTML 4.01!