Felt: STATFJORD ØST
Utbyggingsløysing
Statfjord Øst er eit oljefelt som ligg om lag sju kilometer nordaust for Statfjordfeltet i
Tampenområdet, på 150 – 190 meters havdjup. Feltet er bygt ut med tre
brønnrammer som er knytt til Statfjord C. To av brønnrammene er for produksjon, og ei
er for vassinjeksjon.
Reservoar
Reservoaret på Statfjord Øst er i sandstein av mellomjura alder tilhøyrande
Brentgruppa og ligg på om lag 2 400 meters djup.
Utvinningsstrategi
Feltet produserer med trykkstøtte frå vassinjeksjon.
Transportløysing
Brønnstraumen går i to rørleidningar til Statfjord C, der han blir behandla,
lagra og transportert vidare. Statfjord Øst, Sygna og Statfjord Nord nyttar felles
prosessutstyr på Statfjord C.
Status
Through Tubing Rotary Drilling (TTRD) blir vurdert som ein metode for auka oljeutvinning. Gasslyft
i brønnane kan òg bli aktuelt.