Go to the NPD's home page The NPD's Fact-pages
Go to the Fact-pages home page Comments, questions and feedback to the NPD

Generated 11.02.2012


Shutdown of NPDs FactPages version 1 has be postphoned to March 2012.
Start using FactPages version 2 now! See also FactPages version 2 Quick Reference'
If you have any questions or comments please send an e-mail to FactWEB@npd.no.


Felt: VIGDIS

Utbyggingsløysing

Vigdis er eit oljefelt som ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, mellom felta Snorre og Gullfaks i Tampenområdet, på 280 meters havdjup. Feltet omfattar fleire funn og er bygt ut med havbotnrammer som er knytte til Snorre A. Brønnstraumen blir overført til Snorre A i to rørleidningar. Vatn til injeksjon kjem i ein rørleidning frå Snorre A. Olja frå Vigdis blir prosessert i ein eigen modul på Snorre A.

Reservoar

Reservoaret i Vigdis Brent-førekomsten er i sandstein i Brentgruppa av mellomjura alder, medan Vigdis Øst-førekomsten har reservoar i Statfjordformasjonen av tidlegjura og seintrias alder. Borg Nordvest-førekomsten har reservoar i intra-Draupne sandstein av seinjura alder. Reservoara ligg på 2 200 – 2 600 meters djup.

Utvinningsstrategi

Utvinninga er basert på delvis trykkvedlikehald ved hjelp av vassinjeksjon. Delar av reservoara blir påverka av nedblåsinga av Statfjordfeltet, og ein prøver å balansere dette med vassinjeksjon.

Transportløysing

Stabilisert olje frå Vigdis går i rørleidning frå Snorre A til Gullfaks A for lagring og utskiping. Gassen frå Vigdis blir nytta til injeksjon i Snorrefeltet.

Status

Det blir arbeida for å auke utvinninga frå Vigdis. Operatøren arbeider med ei utbygging av funnet 34/7-34 «Vigdis Nordøst». Det er vedteke å auke vassinjeksjonen på Vigdis med vatn frå Statfjord C, og venta start er sommaren 2011. Lågtrykksproduksjon blei installert i 2009. Kapasiteten for produsert vatn er oppgradert og det er sett i gang arbeid for å vurdere om gassinjeksjon alternerande med vassinjeksjon (VAG) kan vere aktuelt for Vigdis.

Valid HTML 4.01!