Go to the NPD's home page The NPD's Fact-pages
Go to the Fact-pages home page Comments, questions and feedback to the NPD

Generated 08.02.2012


Shutdown of NPDs FactPages version 1 has be postphoned to March 2012.
Start using FactPages version 2 now! See also FactPages version 2 Quick Reference'
If you have any questions or comments please send an e-mail to FactWEB@npd.no.


Felt: DRAUGEN

Utbyggingsløysing

Draugen er eit oljefelt som ligg i Norskehavet, på 250 meters havdjup. Feltet er bygt ut med ei botnfast betonginnretning med integrert dekk. Stabilisert olje blir lagra i tankar i botnen av innretninga. To rørleidningar går frå innretninga til ei flytande lastebøye. Garn Vest-førekomsten og Rogn Sør-førekomsten er bygde ut med i alt sju havbotnbrønnar knytte til hovudinnretninga på Draugen. Feltet har også seks havbotnkompletterte vassinjeksjonsbrønnar, men berre to av dei er i bruk.

Reservoar

Hovudreservoaret er sandstein i Rognformasjonen av seinjura alder. I tillegg blir det produsert frå Garnformasjonen av mellomjura alder vest på feltet. Reservoaret ligg på om lag 1 600 meters djup og er relativt homogent, med gode reservoareigenskapar.

Utvinningsstrategi

Feltet blir produsert med trykkvedlikehald frå vassinjeksjon og naturleg vassdriv.

Transportløysing

Olja blir eksportert via ei flytande lastebøye til tankskip. Assosiert gass blir levert gjennom Åsgard Transport til Kårstø. Når gasstransporten er ute av drift blir gass injisert i ein separat struktur aust for Draugen.

Status

Fleire tiltak for å auke oljeutvinninga er vurderte. Basert på ei 4D-seismisk undersøking som blei utført i 2009, blir potensialet for nye brønnar på feltet evaluert. Endeleg vedtak om «infill» brønnar er planlagt i 2011. Funnet 6407/9-9 (Hasselmus) er planlagt fasa inn til Draugeninnretninga, og vedtak om utbygging er venta i 2011. Gass frå denne førekomsten kan bli nytta til kraftgenerering på Draugen. Draugen blir også vurdert som tilknytingspunkt for funnet 6406/9-1 Linnorm.

Valid HTML 4.01!