Go to the NPD's home page The NPD's Fact-pages
Go to the Fact-pages home page Comments, questions and feedback to the NPD

Generated 11.02.2012


Shutdown of NPDs FactPages version 1 has be postphoned to March 2012.
Start using FactPages version 2 now! See also FactPages version 2 Quick Reference'
If you have any questions or comments please send an e-mail to FactWEB@npd.no.


Felt: YME

Utbyggingsløysing

Yme ligg i den søraustlege delen av Nordsjøen på 77 – 93 meters havdjup. Yme er det første oljefeltet på norsk sokkel som blir bygt ut på ny etter at feltet har vore stengt ned. Feltet blei første gong bygt ut i 1995, innafor utvinningsløyve 114, med Statoil som operatør. Produksjonsperioden var frå 1996 til 2001, då det ikkje lenger blei funne lønsamt å halde fram med drifta. Nye rettshavarar i utvinningsløyve 316, med Talisman som operatør, vedtok i 2006 å utvinne attverande ressursar med ei ny oppjekkbar produksjonsinnretning. Innretninga er plassert på ein lagertank for olje på havbotnen over Gamma-strukturen. Beta-strukturen blir bygd ut med brønnar på havbotnen.

Reservoar

Yme inneheld to separate hovudstrukturar: Gamma og Beta, med til saman fem førekomstar. Reservoaret er i sandstein i Sandnes-formasjonen av mellomjura alder og ligg på om lag 3 150 meters djup.

Utvinningsstrategi

Yme vil hovudsakleg bli produsert med vassinjeksjon som drivmekanisme. Overskotsgass kan òg bli injisert saman med vatn i ein brønn.

Transportløysing

Brønnstraumen vil bli prosessert på Ymeinnretninga og olja vil bli lagra i tanken for eksport via lastebøyer til tankskip. Overskottsgassen er planlagt injisert.

Status

Produksjonen vil starte i 2011.

Valid HTML 4.01!