Go to the NPD's home page The NPD's Fact-pages
Go to the Fact-pages home page Comments, questions and feedback to the NPD

Generated 11.02.2012


Shutdown of NPDs FactPages version 1 has be postphoned to March 2012.
Start using FactPages version 2 now! See also FactPages version 2 Quick Reference'
If you have any questions or comments please send an e-mail to FactWEB@npd.no.


Felt: HULDRA

Utbyggingsløysing

Huldra er eit gasskondensatfelt som ligg nord for Oseberg i den nordlege delen av Nordsjøen, på 125 meters havdjup. Feltet er bygt ut med ei brønnhovudinnretning i stål med eit enkelt prosessanlegg. Innretninga er normalt ubemanna og blir fjernstyrt frå Veslefrikk B, 16 kilometer unna.

Reservoar

Reservoaret ligg i ei rotert forkastingsblokk og er i sandstein i Brentgruppa av mellomjura alder. Reservoaret ligg på 3 500 – 3 900 meters djup og har høgt trykk og høg temperatur. Det er mange små forkastingar i reservoaret og kommunikasjonen er usikker, men produksjonshistoria indikerer to hovudsegment utan trykkommunikasjon.

Utvinningsstrategi

Huldra blir produsert med trykkavlasting. I 2007 starta lågtrykksproduksjon etter at ein gasskompressor blei installert på feltet. Kompressoren har forlenga levetida til feltet med fem år.

Transportløysing

Etter førstestegsseparasjon blir våtgassen transportert til Heimdal for vidare prosessering. Kondensatet går til Veslefrikk for prosessering.

Status

Huldra er i halefasen og det er venta at produksjonen vil stanse i 2013. Rettshavarane evaluerar moglegheit for å forlengje levetida til feltet.

Valid HTML 4.01!