Langt løp i 20. konsesjonsrunde

03.11.2008
7. november klokka 12.00 er søknadsfristen for den 20. konsesjonsrunden på norsk sokkel. 79 blokker eller deler av blokker er lyst ut i en av de største rundene til nå.

– Eg er opptatt av også framover å utvikle vårt velferdssamfunn ved å oppretthalde mulegheitene for nye funn, aktivitet og verdiskaping på norsk sokkel. Utlysinga er ei balansert løysing der det er lagt vekt på miljø- og fiskeriinteresser, sa olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i samband med utlysinga.

I denne konsesjonsrunden har Regjeringa vald å lyse ut 51 blokker i Norskehavet og 28 blokker i Barentshavet. Førebuingane til runden starta allereie i slutten av oktober i 2007. Då inviterte Olje- og energidepartementet (OED) oljeselskapa til å nominere blokker dei meiner bør vere med i utlysinga. Nominasjonsfristen gjekk ut 15. januar 2008.

Oljedirektoratet tilrådde utlysning av 104 blokker, 6 i Nordsjøen, 68 i Norskehavet og 30 i Barentshavet.

OD si tilråding og rangering tok utgangspunkt i nominasjonar og OD si eiga vurdering av blokkene.

Strategien for konsesjonsrundar på norsk sokkel har som hovudregel følgt prinsippet om sekvensiell leiting (= stegvis utforsking). Dette prinsippet inneber at det bør finnast resultat av brønnar i eit område, og at det bør vere sett av tid til å evaluere resultata, før det vert lyst ut nye blokker i det same området.

På den måten blir tilgjengelig informasjon brukt til vidare leiting innanfor eit område, og selskapa kan unngå å bore unødvendige og tørre brønnar. Denne strategien fører til at bare utvalde blokker, dei såkalla geologisk uavhengige, blir utlyst og tildelt.

I tråd med regjeringa sitt ynskje om å vere opne i petroleumspolitikken, vart OD si tilråding til 20. konsesjonsrunde sendt ut på ei brei offentleg høyring. Då fristen gjekk ut 23. mai 2008, hadde 55 av 148 selskap/organisasjonar svart på høyringsbrevet.

27. juni kunngjorde OED 79 blokker eller deler av blokker det er muleg å søke om utvinningsløyve for, og kva miljø- og fiskerivilkår som er knytt til dei ulike blokkene.

Oljedirektoratet har sjølv kartlagt alle dei utlyste blokkene grundig. Denne vurderinga er ferdig til søknadsfristen 7. november.

Når søknadsfristen går ut, startar det nitide arbeidet med å vurdere søknadane. Etter planen skjer tildelinga i mars/april 2009, samtidig  med handsaminga av forvaltningsplanen for Norskehavet. Tildeling av blokker i Norskehavet skal samsvare med konklusjonen i forvaltningsplanen.


Blokker eller deler av blokker som er utlyst i 20. konsesjonsrunde:
6201/4, 5, 6, 11, 12
6202/10
6203/10 (del i søraustleg hjørne)
6405/1, 2, 3
6502/2, 3, 6
6503/1, 2, 4, 5
6509/4, 5, 6, 12
6604/2, 3, 4, 5, 6
6605/11, 12
6606/1, 2, 3, 4, 5
6607/6, 8
6608/6, 9
6609/4
6703/7, 8, 9, 10, 11, 12
6704/7, 8, 10
6705/12
6707/8, 9, 11
7016/2
7116/11
7123/5, 6
7124/4
7217/12
7218/10, 11
7219/9, 12
7220/2, 4, 5, 7, 8, 10
7224/7, 8, 11
7225/3
7226/1, 8, 9
7228/10, 11, 12
7324/7, 8