Stor pågang i 20. konsesjonsrunde

07.11.2008
Då søknadsfristen for 20. konsesjonsrunde for norsk sokkel gjekk ut 7. november, hadde 46 selskap levert søknadar.

Leitedirektør Sissel Eriksen i Oljedirektoratet er svært godt nøgd med at selskapa framleis vurderer Norskehavet og Barentshavet som interessante leiteområde.

- Dette er ein av dei mest omfattande konsesjonsrundane nokon sinne. Pågangen frå selskapa viser at nye leiteområde på norsk sokkel er konkurransedyktige også i eit internasjonalt perspektiv, seier Eriksen.

Desse 46 selskapa har søkt om utvinningsløyve, enkeltvis eller i grupper:

  • Aker Exploration AS
  • Bayerngas Norge AS
  • BG Norge AS
  • Bridge Energy AS
  • Centrica Resources Norge AS
  • Chevron Norge AS
  • Concedo ASA
  • ConocoPhillips Skandinavia AS
  • Dana Petroleum Norway
  • Det Norske Oljeselskap AS
  • Discover Petroleum AS
  • Dong Norge AS 
  • Edison International Spa
  • Endeavour Energy Norge AS
  • Eni Norge AS
  • E. ON Ruhrgas Norge
  • Excel Expro Norge AS
  • ExxonMobil E&P Norway AS
  • Faroe Petroleum Norge AS
  • Gaz de France Norge AS
  • Genesis Petroleum Norway AS
  • Hess Norge AS
  • Idemitsu Petroleum Norge AS
  • Lotos EPN AS
  • Lundin Norway AS
  • Marathon Petroleum Norge AS
  • Nexen Exploration Norge AS
  • North Energy AS
  • Norwegian Energy Company ASA
  • OMV Norge AS
  • PA Resources Norway AS
  • Petro-Canada Norge AS
  • PGNiG Norway AS
  • Repsol YPF
  • Revus Energy ASA
  • Rocksource ASA
  • RWE Dea Norge AS
  • Sagex Petroleum Norge AS
  • AS Norske Shell
  • Skagen 44 AS
  • Spring Energy Norway AS
  • StatoilHydro ASA
  • Svenska Petroleum Exploration Norge AS
  • Talisman Energy Norge AS
  • Total E&P Norge AS 
  • Wintershall Norge AS

- No startar arbeidet med å vurdere søknadane. Oljedirektoratet søker å finne den beste strategien for utforsking av områda, og er derfor på jakt etter selskapa med den beste kunnskapen og dei beste søknadane, seier Eriksen.

- Selskap som får utvinningsløyve må ha teknisk ekspertise og god geologisk forståing. I tillegg vert det lagt vekt på finansiell styrke og erfaring.

Ved gruppesøknad ser ein på samansetjinga av gruppa, tilrådd operatør og felles kompetanse.

Etter planen skjer tildelinga i mars/april 2009, samtidig  med handsaminga av forvaltningsplanen for Norskehavet. Tildeling av blokker i Norskehavet skal samsvare med konklusjonen i forvaltningsplanen.

Til saman kunne selskapa søke om utvinningsløyve for 79 blokker eller deler av blokker. Det er knytt fiskeri- og miljøvilkår til blokkene. Oljedirektoratet har sjølv kartlagt alle dei utlyste blokkene grundig.

Olje- og energidepartementet tek sikte på å tildele nye utvinningsløyve i 20. konsesjonsrunde i mars/april 2009.

Søknad i tidlegare rundar
17. konsesjonsrunde: 13 selskap
18. konsesjonsrunde: 18 selskap
19. konsesjonsrunde: 24 selskap


Kontaktperson i Oljedirektoratet
Eldbjørg Vaage Melberg, telefon 51 87 61 00


Langt løp i den 20. konsesjonsrunden

Pressemelding fra Olje- og energidepartementet