Tildelingar i 20. runde

30.04.2009
Olje- og energidepartementet har tildelt nye utvinningsløyve i 20. konsesjonsrunde på norsk sokkel. 34 selskap fikk tilbod om deltaking i 21 nye utvinningsløyve.

”Tildelingane er i tråd med Oljedirektoratet (OD) si tilråding. OD ser det som viktig at aktiviteten i Norskehavet og Barentshavet er jamn, og tildelingane i 20. runde vil gjere sitt til det,” seier direktør for leting Sissel Eriksen.

Det vestligaste og det nordligaste området som blir tildelt i Barentshavet ligg i leiteprovinsar som ikkje tidligare har blitt utforska. OD meiner at informasjon frå blokkene vil vera viktig for vidare utforsking  i nye leiteområder.

Framleis er det stort potensial for å gjere funn i Norskehavet. Fleire av blokkene ligg på djupt vatn i Vøringbassenget. Denne runden omfattar blokker lenger nordvest enn tidlegare, i eit område som har blitt påverka av stor vulkansk aktivitet. Det er store utfordringer knytta til kartleggjing av dei prospektive nivåa i dette området fordi eit tjukt lag med lava dekker laga som ligg under. Det er viktig å få god avbilding under lavaen for å forstå området betre. Dette er eit komplisert og framleis lite utforska område av norsk sokkel.

Eriksen understrekar at OD er godt nøgd med denne omfattande runden. Interessa frå selskapa har vore stor, og det er tydeleg at aktørane framleis har tru på norsk sokkel.

Selskapa fekk tilbod om deltaking i til saman 79 blokker – 51 i Norskehavet og 28 i Barentshavet. Førebuingane til runden byrja i oktober 2007, då Olje- og energidepartementet inviterte oljeselskapa til å nominere blokker dei meinte burde vere med i utlysinga. Runden blei lyst ut i juni i fjor, med søknadsfrist 7. november.

Oversikt over tildelingane er tilgjengeleg på nettstaden til Olje- og energidepartementet.


 

 

Karta i PDF-format


Kontaktperson i Oljedirektoratet:
Eldbjørg Vaage Melberg, telefon 51876100