Nominasjonar til 21. konsesjonsrunde

19.01.2010
Olje- og energidepartementet har motteke forslag frå 43 selskap om kva blokker dei meiner skal inkluderast i den 21. konsesjonsrunden på norsk sokkel.

Nominasjonsfristen gjekk ut 13. januar.

I førre konsesjonsrunde var 46 selskap med i nominasjonen.

307 blokker eller delar av blokker er nominert, 138 blokker vart nominert av to eller fleire selskap.

"Det er gledeleg at det er så stor interesse for denne runden," seier Sissel Eriksen, direktør for leiting i Oljedirektoratet.

Selskapa har nominert blokker over store deler av Barentshavet og Norskehavet, det tykkjer leitedirektøren er interessant.

Oljeselskapa har kome med sitt syn på kva blokker dei vurderer som interessante. No skal myndigheitene utarbeide eit forslag om kva blokker som skal lysast ut. Dette forslaget skal ut på offentleg høyring, der alle samfunnsinteresser vert invitert for å seie si meining. Regjeringa avgjer kva blokker som skal lysast ut frå ei heilskapsvurdering.


Selskapa som har levert nominasjonar er:

  • AS Norske Shell,
  • Bayerngas Norge AS,
  • BG Norge AS,
  • Bridge Energy AS,
  • Centrica Energi,
  • Chevron Norge AS,
  • Concedo ASA,
  • ConocoPhillips Norge,
  • Dana Petroleum Norway AS,
  • Det norske oljeselskap ASA,
  • Discover Petroleum AS,
  • Dong E&P Norge AS,
  • E.ON Ruhrgas Norge AS,
  • Edison International Norway Branch,
  • Eni Norge AS,
  • Excel Expro Norge AS,
  • ExxonMobil Exploration and Production Norway AS,
  • Faroe Petroleum Norge AS,
  • GDF SUEZ E&P Norge AS,
  • Hess Norge AS,
  • Idemitsu Petroleum Norge AS,
  • Lundin Norway AS,
  • Maersk Oil Norway AS,
  • Marathon Petroleum Norge AS,
  • Nexen Exploration Norge AS,
  • North Energy ASA,
  • Norwegian Energy Company AS – Noreco, OMV (Norge) AS,
  • Petro-Canada Norge AS,
  • PGNiG Norway AS,
  • Repsol Exploration Norge AS,
  • Rocksource ASA, RWE Dea Norge AS,
  • Sagex Petroleum ASA,
  • Skagen44 AS,
  • Skeie Energy AS,
  • Spring Energy Norway AS,
  • Statoil ASA,
  • Svenska Petroleum Exploration AS,
  • Talisman Energy Norge AS,
  • Total E&P Norge AS,
  • VNG Norge AS,
  • Wintershall Norge ASA

Selskapa vart inviterte til å nominere blokker 5. november 2009. I samsvar med praksisen dei siste rundane vart selskapa oppmoda til å avgrense talet nominerte blokker til dei 15 dei finn mest interessante.

21. konsesjonsrunde skal etter planen lysast ut før sommaren. Tildeling er planlagt våren 2011.


Lenke: Pressemelding fra Olje- og enegidepartementet


Kontaktpersoner i OD: