Tildeling av 28 nye utvinningsløyve

20.12.2004
Alle dei 21 selskapa som fekk tilbod om utvinningsløyve i TFO 2004 aksepterte tilbodet.

Fredag 17. desember 2004 godkjente kongen i statsråd tildelinga av 28 nye utvinningsløyve på den norske sokkelen. Tildelinga skjer i dei såkalla førehandsdefinerte område (TFO 2004). I år gjeld det område i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.

Nærare informasjon om operatørskap, partnerskap og areal med hjørnekoordinatorar for kvar enkelt løyve, finn du på våre faktasider.

Gå inn på Production Licences oppe til høgre på faktasidene, trykk på "Alphabetic" nedanfor. Dei nye løyva har nummer frå PL 331 til 354, pluss PL 073B, 122C, 305B og 311B. I staden for å trykke "Alphabetic" kan du klikke på "By last changed date". Dei nye løyva er oppført under 17.12.04.

Kontaktperson i OD:
Eldbjørg Vaage Melberg, tlf. 51 87 61 00