TFO 2005: Tildeling av 45 nye utvinningsløyve

06.01.2006
Alle dei 26 selskapa som fekk tilbod om utvinningsløyve i TFO 2005 aksepterte tilbodet.

Fredag 6. januar 2006 godkjente kongen i statsråd tildelinga av 45 nye utvinningsløyve på den norske sokkelen. Tildelinga skjer i førehandsdefinerte område (TFO 2005).

Nærare informasjon om operatørskap, partnerskap og areal med hjørnekoordinatorar for kvar enkelt løyve, finn du på OD sine faktasider.

Gå inn på Production Licences oppe til høgre på faktasidene, trykk på "Alphabetic" nedanfor.

Dei nye utvinningsløyva har nummer frå 354 til 386, pluss 277 B, 043 BS, 085 D, 248 B, 195 B, 090 D, 091 B, 091 C, 263 B, 134 C, 122 D og 128 C.

I staden for å trykke "Alphabetic" kan du klikke på "By last changed date". Dei nye løyva er oppført under 06.01.06.


Kontaktperson i OD:
Eldbjørg Vaage Melberg, tlf. 51 87 61 00