TFO 2006: Tildeling av 48 nye utvinningsløyve

16.02.2007
Alle dei 33 selskapa som fekk tilbod om utvinningsløyve i TFO 2006 aksepterte tilbodet.

Fredag 16. februar 2007 godkjente kongen i statsråd tildelinga av 48 nye utvinningsløyve på den norske sokkelen. Tildelinga skjer i førehandsdefinerte område (TFO 2006).

Nærare informasjon om operatørskap, partnerskap og areal med hjørnekoordinatorar for kvar enkelt løyve, finn du på OD sine faktasider.

Gå inn på Production Licences oppe til høgre på faktasidene, trykk på "Alphabetic" nedanfor.

Dei nye utvinningsløyva har nummer frå 398 S til 439, pluss 050 D, 211 B, 212 D, 316 B, 318 B og 354 B.

I staden for å trykke "Alphabetic" kan du klikke på "By last changed date". Dei nye løyva er oppført under 16.02.07. 

Kontaktperson i OD:
Eldbjørg Vaage Melberg, tlf. 51 87 61 00.