Alle selskapene aksepterer

29.02.2008
Alle dei 37 selskapa som fekk tilbod om utvinningsløyve i TFO 2007 aksepterte tilbodet.

Fredag 29. februar 2008 godkjente kongen i statsråd tildelinga av 52 nye utvinningsløyve på den norske sokkelen. Tildelinga skjer i førehandsdefinerte område (TFO 2007).

Nærare informasjon om operatørskap, partnerskap og areal med hjørnekoordinatorar for kvar enkelt løyve, finn du på OD sine faktasider.

Gå inn på Production licences oppe til høgre på faktasidene, trykk på Alphabetic nedanfor. Dei nye utvinningsløyva har nummer frå 450 til 492, i tillegg til PL 006 D, 052 C, 074 B, 153 B, 229 C, 274 CS, 344 B, 405 B og 448 B.

I staden for å trykke Alphabetic kan du klikke på By last changed date. Dei nye løyva er oppført under 29.02.08.

Lenke til OED sin pressemelding

Kontaktperson i OD:
Eldbjørg Vaage Melberg, tlf. 51 87 61 00.