Framleis stor interesse for TFO

16.09.2009
Ei førebels oppteljing syner at 44 selskap har søkt om areal i Tildelingar i førehandsdefinerte område 2009 (TFO 2009).

 
Interessa for tildelingar i førehandsdefinerte område i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet er framleis stor, sju år etter at ordninga vart etablert.

– Dette stadfestar at modne område på norsk sokkel er interessante for oljeselskapa, seier Sissel Eriksen, direktør i Oljedirektoratet med ansvar for leiting.

– Høg oljepris dei siste åra har gjort norsk sokkel attraktiv, og ein svært høg leiteaktivitet syner dette.

Norsk sokkel er sjølvsagt ikkje upåverka av kva som skjer i verda, mellom anna den internasjonale finanskrisaLikevel har dei fleste av selskapa som søkte i TFO 2008  sendt søknad også dette året, legg ho til.

TFO 2009 vart annonsert 9. mars 2009:
Tildeling i førehandsdefinerte område 2009 (TFO 2009) utlysning
Ved søknadsfristen 15.september var det muleg å søke på totalt 55.319 km2, fordelt på 227 blokker. Dette er ein auke i forhold til TFO 2008 og skuldast at meir enn 18.000 km2 areal er levert tilbake siste året. Tilbakelevert areal innafor TFO-området er inkludert i arealet som selskapa kunne søke på. Yttergrensene for TFO-området er ikkje utvida sidan TFO 2008.

I den første TFO-runden i 2003 mottok myndigheitene søknadar frå 16 selskap til eit utlyst areal på 38.344 km2. Sidan har talet på søkarar auka kvart år, og i TFO 2008 mottok myndigheitene søknadar frå 47 selskap til eit areal på 48.057 km2. Av dette blei 11.149 km2 tildelt tidleg i 2009.

Etter Oljedirektoratet si vurdering fører TFO-ordninga til at modne område på norsk sokkel vert utforska betre og raskare.Fleire nye aktørar har bidrege med nye idear og nye leitemål, som har gitt fleire nye funn i gamle områder av norsk sokkel. Ordninga gjer at industrien er sikra jamn tilgang på prospektivt areal, og at areal vert levert raskare attende og gjort tilgjengeleg for nye aktørar.  
Tildeling skjer ved årsskiftet 2009/2010.

Les pressemelding fra Olje- og energidepartementet her.

 

Kontaktpersonar i OD:
Astri Fritsen, tlf. 51 87 64 74
Bernt Egeland, tlf. 51 87 61 85