Boreløyve for brønnbane 2/2-6 – utvinningsløyve 332

10.03.2010
Oljedirektoratet har gitt Talisman Energy Norge AS boreløyve for brønn 2/2-6 i Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønnbane 2/2-6 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 332 i den sørlege delen av Nordsjøen like aust for Gydafeltet. Talisman Energy Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Det norske oljeselskap ASA (40 prosent), Bayerngas Produksjon Norge AS (10 prosent) og Norske AEDC A/S (10 prosent).

Utvinningsløyvet består av heile blokk 2/2 stratigrafisk delt over botn jura. Blokk 2/2 vart tildelt i 2004 (TFO 2004). Brønnen er den første leitebrønnen som blir bora i utvinningsløyvet, og han skal borast frå boreinnretninga Mærsk Guardian.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart

Last ned: Kart.pdf

 


Tema: Brønner

Oljeordliste

Abonner på nyheter

Få siste nytt fra Oljedirektoratet tilsendt på e-post.