|
Oljedirektoratet har gitt Petro-Canada Norge AS boreløyve for brønnbane 34/4-13 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
|
|
Brønnbane 34/4-13 S skal borast frå boreinnretninga West Alpha i posisjon 61º 38’ 43”N 02º 05’ 59’ E, etter avslutting av boring på Alvefeltet
Boreprogrammet for brønnbane 34/4-13 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 375. Petro-Canada Norge AS er operatør med 65 prosent. Dei andre rettshavarane er Spring Energy (20 prosent) og Wintershall (15 prosent). Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 34/4 og 34/5. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer nordvest for Snorre B-innretninga.
Utvinningsløyve 375 vart delt ut 6. januar 2006 (TFO 2005). Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD: Jan Stenløkk

|