Boreløyve for brønnbane 35/1-2 S i utvinningsløyve 269

26.08.2010
Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønnbane 35/1-2 S jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnbane 35/1-2 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Leader i posisjon 61º 51’ 56’’N  03º 03’ 21’ E, etter avslutting av boring på Gudrunfeltet.

Boreprogrammet for brønnbane 35/1-2S gjeld boring av leitebrønn i utvinningsløyve 269. Statoil Petroleum AS er operatør med 100 prosent. Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 35/1. Brønnen blir bora om lag tre kilometer sørvest for Peonfunnet.

Utvinningsløyve 269 vart delt ut 27. april 2001 (Nordsjøtildelingane 2000). Dette er den andre brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:

Jan Stenløkk

Kart 

Last ned: Kart.pdf


Tema: Brønner

Oljeordliste

Abonner på nyheter

Få siste nytt fra Oljedirektoratet tilsendt på e-post.