Boreløyve for brønn 15/6-14 S i utvinningsløyve 029 C

06.10.2017
Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 15/6-14 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 15/6-14 S skal borast frå boreinnretninga Maersk Integrator i posisjon 58°34’19,36” nord og 01°41’48,81” aust like nord for Gina Krog-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 15/6-14 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 029 C, men blir bora på vegne av Gina Krog Unit. Statoil Petroleum AS er operatør på Gina Krog med 58,7 prosent. Dei andre rettshavarane er Total E&P Norge AS (15 prosent), KUFPEC Norway AS (15 prosent), PGNiG Upstream Norway AS (8 prosent) og Aker BP ASA (3,3 prosent).

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 15/6. Utvinningsløyve 029 C blei tildelt 17. oktober 2012 etter deling frå 029, som blei tildelt i 2. konsesjonsrunde i 1969. Dette er den fyrste undersøkingsbrønnen som blir bora i løyvet, men det er bora tre leitebrønnar tidlegare innanfor arealet i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

15/6-14 S


Tema: Brønner