Boreløyve for brønn 16/1-27 i utvinningsløyve 338

08.02.2017
Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/1-27, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/1-27 skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 58°50’18,11” nord og 2°11’56,83” aust, i sørvestleg forlenging av Edvard Grieg-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 16/1-27 gjeld boring av avgrensingsbrønn på Edvard Grieg i utvinningsløyve 338. Lundin Norway AS er operatør med 65 prosent. Dei andre rettshavarane er OMV (Norge) AS med 20 prosent, og Wintershall Norge AS med 15 prosent.

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 16/1. Brønnen blir bora om lag 3 kilometer vest for Edvard Grieg-plattformen.

Utvinningsløyve 338 blei tildelt 17. desember 2004 (TFO 2004). Dette er den 11. leitebrønnen som blir bora innanfor løyvet sitt areal og den 8. leitebrønnen på Edvard Grieg-feltet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

16/1-27


Tema: Brønner