Boreløyve for brønn 24/9-11 S i utvinningsløyve 150 B

07.04.2017
Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boretillatelse for brønn 24/9-11 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 24/9-11 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 59°29’6,79’’ nord og 01°50’7,65” aust.

Boreprogrammet for brønn 24/9-11 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 150 B. Aker BP ASA er operatør med ein del på 65 prosent, mens Lundin Norway AS er rettshavar med en del på 35 prosent. Utvinningsløyve 150 B blei tildelt i 2011 (TFO 2010).

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg i midtre del av Nordsjøen, og består av delar av blokk 24/9 som grenser mot engelsk sokkel. Brønnen blir bora sørvest for feltet 24/9-5 Volund. Dette er den første brønnen som blir bora i utvinningsløyvet.    

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Even Gillebo, tlf. 51 87 64 04

24/9-11 S


Tema: Brønner