Boreløyve for brønn 24/9-12 S, 24/9-12 A og 24/9-12 B i utvinningsløyve 340

19.12.2017
Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 24/9-12 S, 24/9-12 A og 24/9-12 B, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 24/9-12 S, 24/9-12 A og 24/9-12 B skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 59°20’ 58,95’’ nord og 01°49’ 48,47” aust.

Boreprogrammet for brønn 24/9-11 S, 24/9-12 A og 24/9-12 B gjeld boring av ein undersøkingsbrønn og to avgrensingsbrønnar i utvinningsløyve 340. Aker BP ASA er operatør med ein del på 65 prosent, medan Point Resources AS og Lundin Norway AS er rettshavar med ein del på 20 og 15 prosent kvar. Utvinningsløyve 340 blei tildelt i 2004 (TFO 2004).

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg i midtre del av Nordsjøen, og består av delar av blokk 24/9 som grensar mot britisk sokkel. Brønnane blir bora sørvest for Volund-feltet. Dette er den fjerde, femte og sjette leitebrønnen som blir bora i utvinningsløyvet. 

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

24/9-12 S, 24/9-12 A og 24/9-12 B


Tema: Brønner