Boreløyve for brønnbane 30/8-5, Tune i utvinningsløyve 190

15.11.2017
Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønnbane 30/8-5, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnbane 30/8-5 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Atlantic i posisjon 60°28’ 15,43" nord og 02o36’ 15,58" aust etter avslutting av boring for Statoil i utvinningsløyve 501.

Boreprogrammet for brønnbane 30/8-5 gjeld boring av ein avgrensningsbrønn i utvinningsløyve 190. Statoil er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro (40 prosent) og Total E&P Norge (10 prosent). Brønnen blir bora om lag 5 kilometer vest for Osebergfeltet.

Utvinningsløyve 190 vart delt ut 10.09.1993 i 14. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den femte brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

30/8-5, Tune


Tema: Brønner