Boreløyve for brønn 31/7-2 S i utvinningsløyve 740

04.05.2017
Oljedirektoratet har gitt Faroe Petroleum Norge AS boreløyve for brønn 31/7-2 S jf. Ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 31/7-2 S skal borast fra boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 60°24'18,17" nord og 3°2'23,75" aust i utvinningsløyve 740.

Boreprogrammet for brønn 31/7-2 S gjeld boring av ein avgrensningsbrønn. Faroe Petroleum Norge AS er operatør med ein del på 50 prosent og Core Energy AS er rettshavar med 50 prosent.

Arealet i dette løyvet utgjer ein del av blokk 31/7 og 30/9. Utvinningsløyve 740 vart delt ut i TFO 2013, 7. februar 2014. Dette er den tredje brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 60 27

31/7-2 S


Tema: Brønner