Boreløyve for brønn 33/9-22 S i utvinningsløyve 881

18.08.2017
Oljedirektoratet har gitt Wellesley Petroleum AS boreløyve for brønn 33/9-22 S, jfr. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 33/9-22 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 61°23'08,85" nord og 1°57'34,31" aust.

Boreprogrammet for brønn 33/9-22 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 881.

Wellesley Petroleum AS er operatør med ein del på 70 prosent. Den andre rettshavaren er Faroe petroleum Norge AS med ein del på 30 prosent.

Arealet av utvinningsløyve 881 består av delar av blokk 33/9. Brønnen skal borast rundt ein kilometer nord for Statfjord-feltet i Nordsjøen.

Utvinningsløyve 881 blei tildelt i TFO 2016. Brønnen er den første leitebrønnen i dette utvinningsløyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

33/9-22 Goanna