Boreløyve for brønn 34/2-5 S i utvinningsløyve 790

19.12.2017
Oljedirektoratet har gitt Aker BP boreløyve for brønn 34/2-5 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 34/2-5 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 61°45'34" nord og 2°35'9,53" aust etter avslutting av produksjonsboring på Alvheim-feltet.

Boreprogrammet for brønn 34/2-5 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 790. Aker BP er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Capricorn Norge AS (25 prosent),Wellesley Petroleum AS (25 prosent) og MOL Norge AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 34/2 og ein del av blokk 34/5. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer sørvest for Knarr-feltet.

Utvinningsløyve 790 blei tildelt 6. februar 2015 i TFO 2014. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

34/2-5 S


Tema: Brønner