Boreløyve for brønn 35/9-13 i utvinningsløyve 682

28.09.2017
Oljedirektoratet har gitt Bayerngas Norge AS boreløyve for brønn 35/9-13, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 35/9-13 skal borast frå boreinnretninga Songa Enabler i posisjon 61°25’20,34ˮ nord og 3°49’39,73ˮ aust etter gjennomført intervensjonskampanje på det AkerBP-opererte Skarv-feltet.

Boreprogrammet for brønn 35/9-13 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 682.

Bayerngas Norge er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Capricorn Norge AS (30 prosent), Wellesley Petroleum AS (20 prosent) og Petoro AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av midtre og nordvestlege del av blokk 35/9. Brønnen blir bora om lag ti kilometer nordvest for Gjøa-feltet.

Utvinningsløyve 682 vart tildelt 8. februar 2013 i TFO 2012. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

35/9-13


Tema: Brønner