Boreløyve for brønn 6506/11-10 i utvinningsløyve 644 B

17.11.2017
Oljedirektoratet har gitt OMV (Norge) AS  boreløyve for brønn 6506/11-10 jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6506/11-10 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 65°13' 50,54" Nord og 6°25' 47,23" Øst. Boreinnretninga ligg for tida ved Averøy Industripark.

Boreprogrammet for brønn 6506/11-10 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 644 B. OMV (Norge) er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil (30 prosent), Faroe Petroleum (20 prosent) og Centrica (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6506/11. Brønnen blir bora om lag 21 kilometer nord for Kristinfeltet.

Utvinningsløyve 644 B vart delt ut 5.2.2016 i TFO 2015. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

6506/11-10


Tema: Brønner