Boreløyve for brønn 6507/3-12 A i utvinningsløyve 159 B

01.03.2017
Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 6507/3-12 A, jf. ressursforskrifta Paragraf 8.

Brønn 6507/3-12 A skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 65°58' 3,93" nord og 7°56' 1,64" aust.

Boreprogrammet for brønn 6507/3-12 A gjeld boring av ein avgrensningsbrønn i utvinningsløyve 159 B. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 85 prosent. Den andre rettshavaren er Dong E&P Norge AS med 15 prosent. Arealet i dette løyvet er del av blokk 6507/3. Brønnen blir bora om lag 11 kilometer sørvest for Norne-feltet.

Utvinningsløyve 159 blei tildelt i konsesjonsrunde 12 del B på norsk sokkel, og utvinningsløyve 159 B blei frådelt 13. august 2004.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

6507/3-12 A


Tema: Brønner