Boreløyve for brønn 6705/7-1 i utvinningsløyve 705

23.02.2017
Oljedirektoratet har gitt Repsol Norge AS boreløyve for brønn 6705/7-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6705/7-1 skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 67°15'5,14" nord og 5°10'29,12" aust, etter at undersøkingsbrønn 205/23-3a er ferdig bora på britisk side for Hurricane.

Boreprogrammet for brønn 6705/7-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 705. Repsol Norge AS er operatør med 40 prosent. Dei andre rettshavarane er DEA Norge AS med 30 prosent og M Vest Energy AS med 30 prosent. Arealet i dette løyvet består av blokk 6705/8 og 6705/9, i tillegg til delar av blokk 6705/7 og 6705/10. Brønnen blir bora om lag 330 kilometer vest for Bodø.

Utvinningsløyve 705 blei delt ut den 21. juni 2013 (22. konsesjonsrunde). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52.

 

6705/7-1


Tema: Brønner