Boreløyve for brønn 7121/8-1 i utvinningsløyve 849

07.04.2017
Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7121/8-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7121/8-1 skal borast frå boreinnretninga Songa Enabler i posisjon 71°25'43,86" nord og 21°38'26,5" aust, etter at produksjonsbrønn 7121/4-F-3 H er ferdig bora for Statoil Petroleum AS i utvinningsløyve PL 099 på Snøhvit-feltet.

Boreprogrammet for brønn 7121/8-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 849. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Eni Norge AS (30 prosent) og Petoro AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av ein liten del av blokk 7121/7 og deler av blokkene 7121/8, 7121/9 og 7122/7. Brønnen blir bora om lag 25 kilometer søraust for Snøhvit-feltet.

Utvinningsløyve 849 vart delt ut 5. februar 2016 i TFO 2015. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

7121/8-1