Boreløyve for brønn 7122/10-1 S i utvinningsløyve 697

23.08.2017
Oljedirektoratet har gitt Eni Norge AS boreløyve for brønn 7122/10-1 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7122/10-1 S skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 71°10'17,39" nord og 22°12'28,57" aust.

Boreprogrammet for brønn 7122/10-1 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 697. Eni Norge AS er operatør med ein del på 70 prosent. Dei andre rettshavarane er Edison Norge AS (20 prosent) og Concedo ASA (10 prosent).

Arealet i dette løyvet består av nordvestleg halvdel av blokk 7122/10. Brønnen blir bora om lag ti kilometer sørvest for Goliat-feltet.

Utvinningsløyve 697 blei tildelt 8.februar 2013 i TFO2012. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

7122/10-1 S