Boreløyve for brønnbane 7219/12-2 A i utvinningsløyve 533

03.11.2017
Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønnbane 7219/12-2 A S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnbane 7219/12-2 A skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 72o5' 12,63" nord og 19o59' 10,08" aust.

Boreprogrammet for brønnbane 7219/12-2 A gjeld boring av ein avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 533. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 35 prosent og rettshavarane er Aker BP AS med 35 prosent og DEA Norge AS med 30 prosent. Arealet i dette løyvet består av blokkene 7219/12 og 7220/10. Brønnen blir bora om lag 20 kilometer vest for funnbrønnen 7220/11-1 (Alta) i utvinningsløyve 609

Utvinningsløyve 533 vart delt ut i 20. konsesjonsrunde i 2009.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

7219/12-2 A

 


Tema: Brønner